Rådgivar/seniorrådgivar - plan
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Vil du jobbe med bruk og vern av areal i kommunane saman med kollegaer i plangruppa og saman med kommunane og private planleggarar?
Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i plan- og klimaseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Seksjonen har mellom anna ansvar for oppfølging av kommunane si planlegging etter plan- og bygningsloven.
I denne jobben vil du
Seksjonen følgjer opp og rettleiar kommunane innafor planfaglege spørsmål knytt til naturmangfald, klima, vassforvaltning, strandsone, friluftsliv, barn og unge, universell utforming, samfunnstryggleik, landbruk, landskap med meir.
Som plansaksbehandlar får du ansvar for tema som du har kompetanse på. For dei tema du ikkje har nok kompetanse, får du hjelp frå kollegaer i plangruppa og i dei andre seksjonane i embetet. Etter kvart opparbeider du deg kompetanse på nye fagområde.
Plansaksbehandlarane våre dannar det vi kallar plangruppa. Det skal vere fem tilsette i gruppa, og no manglar vi ein. Kvar saksbehandlar har ansvar for å følgje opp «sine» kommunar og for å koordinere Statsforvaltaren sine ulike faglege innspel til plansakene frå desse kommunane. Gruppa samarbeider tett.
Vi søkjer etter deg som har
Vi er opne for å tilsette både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring.
Vi vil legge vekt på at du
Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B.
Hos oss får du
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ulf Lucasen på telefon (Norge +47) 48022090.
Søknadsfrist: 13. juli 2025

- få gi kommunane kunnskapsbaserte råd om bruk og vern av areal
- få eit godt innblikk i kva som går føre seg i kommunane både i overordna og detaljert planlegging
- få mange dyktige kollegaer innafor svært mange fagområde
- få jobbe både sjølvstendig og i team
- behandle plansaker og dispensasjonssaker
- delta på synfaringar og kommunebesøk
Seksjonen følgjer opp og rettleiar kommunane innafor planfaglege spørsmål knytt til naturmangfald, klima, vassforvaltning, strandsone, friluftsliv, barn og unge, universell utforming, samfunnstryggleik, landbruk, landskap med meir.
Som plansaksbehandlar får du ansvar for tema som du har kompetanse på. For dei tema du ikkje har nok kompetanse, får du hjelp frå kollegaer i plangruppa og i dei andre seksjonane i embetet. Etter kvart opparbeider du deg kompetanse på nye fagområde.
Arbeidsmåte
Plansaksbehandlarane våre dannar det vi kallar plangruppa. Det skal vere fem tilsette i gruppa, og no manglar vi ein. Kvar saksbehandlar har ansvar for å følgje opp «sine» kommunar og for å koordinere Statsforvaltaren sine ulike faglege innspel til plansakene frå desse kommunane. Gruppa samarbeider tett.
Vi søkjer etter deg som har
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule (mastergrad eller tilsvarande) innan arealplanlegging, naturforvaltning, landskapsarkitektur, biologi, klima og elles tema som er viktige i plan
- eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk
Vi er opne for å tilsette både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring.
Vi vil legge vekt på at du
- evner å ta initiativ og arbeider sjølvstendig og målretta
- er god til å samarbeide og kommunisere
- har god skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B.
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- naudsynt opplæring i det som høyrer jobben til
- ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fag- og arbeidsmilø
- løn som 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr 580.000,- til kr 685.000,- eller 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 645.000,- til kr 750.000,-. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innanfor fagområdet
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ulf Lucasen på telefon (Norge +47) 48022090.
Søknadsfrist: 13. juli 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a8254501-28b2-4737-b220-0f272931cdee
- Hentet fra
sap
- Referanse
685 13. juli 2025