Ynskjer du å jobba i eit av landets desidert vakraste kontorlandskap?
Sygnir
Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Energimontør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vår drift av samfunnskritisk infrastruktur krev topp kvalifiserte energimontørar. Omringa av det kanskje vakraste og råaste kontorlandskapet i Noreg står våre montørar ovanfor utfordringar som krev både kreativitet og teknisk ekspertise. Om du har fagbrev som energimontør, og ynskjer å arbeida i Noreg sitt brattaste nettselskap, vil me høyra frå deg!
Me har for tida ledig stilling på montørbasen i AurlandVil du vera med på å rusta Sogn for det grøne skiftet? Å utgjera ein forskjell og vera med å forma regionen for framtida? Søk deg inn som energimontør i Sygnir!
Arbeidsoppgåver:- Byggja, montera og dokumentera kabelanlegg, nettstasjonar, transformatorstasjonar og linjer i små og store prosjekt
- Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
- Kan bli pålagd å delta i Sygnir si vaktordning
- Fagbrev energimontør
- Førarkort klasse B, og gjerne klasse C
- Flytande i norsk, både munnleg og skriftleg
- Stor vekt på HMS, og du tek aldri snarvegar
- Evne til å skapa ein trygg og sikker arbeidskvardag
- Fagleg dyktigheit og ein naturleg problemløysar
- Sjølvstendig arbeidsstil, kombinert med gode samarbeidsevner
- Dyktig til å ta i bruk digitale verktøy
- Rettleia og vera eit førebilete for lærlingane
Om bedriften
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, ein regional drivkraft i Sogn. Med ei sentral rolle i å sikre stabil straumforsyning til 14 000 nettkundar, jobbar vi for berekraftig vekst og utvikling av regionen. Straumnettet vårt er 2500 km og går gjennom det brattaste terrenget i landet. Derfor er me også fremst i landet for å arbeide trygt i bratt terreng, som gjeld alt i frå sikringsmetodar til snøskredkompetanse.
Sektor
Privat
Nettsted