Avdelingsleiar for oppmåling og geodata
Kommunalområde Samfunn, Byggesak og oppmåling
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar for oppmåling og geodata
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Er du ein tydeleg og fagleg sterk leiar med interesse for digital utvikling og presis databehandling? Vi søkjer ein engasjert og samlande avdelingsleiar som vil leie eit viktig fagmiljø innan oppmåling, geodata og eigedomsskatt i Ålesund kommune.
Som avdelingsleiar vil du ha fagleg og administrativt ansvar for ei avdeling med høg kompetanse og stor betydning for kommunen si areal- og eigedomsforvaltning. Du vil vere ein sentral bidragsytar i å utvikle og modernisere tenestene innan oppmåling og geodata, samt sørge for effektiv forvaltning av eigedomsskatt.
Avdelinga er ein del av verksemd for plan og bygning, og har tverrfagleg samarbeid med fleire andre fagområder i kommunen. Avdelinga er per i dag to ulike avdelingar, men vil bli ei felles avdeling når ny avdelingsleiar er på plass. Den nye avdelinga vil ha ca. 16 tilsette, og vil ha ansvar for blant anna oppmålingssaker etter matrikkellova, kvalitetsheving av matrikkelen, eigedomsskatt, digitalisering av planbasen, forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av kommunens kartbaser, matrikkelføring, adressering og sal av meklarpakkar.
Arbeidsoppgåver
- Leie, utvikle og følgje opp avdelinga sitt arbeid og tilsette i samsvar med kommunen sine satsingsområder og målsettingar.
- Delegert økonomi- og personalansvar for avdelinga.
- Sikre god kvalitet og framdrift i sakshandsaming og oppgåveløysing.
- Bidra til digital utvikling og effektivisering innanfor fagområda.
- Legge til rette for dialog og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
- Rapportering og strategisk oppfølging av fagområdet.
- Vere ein del av leiargruppa i verksemda.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, til dømes innan geomatikk, ingeniørfag, kartfag, geografi eller liknande.
- Dokumentert og relevant leiarerfaring innanfor eit eller fleire av avdelinga sine fagområder kan kompensere for utdanning.
- Leiarerfaring eller leiarpotensial – gjerne frå offentleg forvaltning.
- God systemforståing og interesse for teknologi og digitalisering.
- Kjennskap til plan- og bygningslova, matrikkellova, eigedomsskattelova og anna relevant regelverk.
- Erfaring frå oppmåling og/eller geodataforvaltning.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Tydelig, trygg og tillitsskapande leiarstil.
- Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre.
- Strukturert og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre.
- Evne til å tenkje strategisk og jobbe operativt.
- Interesse for fagleg utvikling og digitalisering.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse.
- Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.
Kontaktinformasjon
Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, 984 19 650, Silja.Ovrelid@alesund.kommune.noArbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4993119466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a807d6d3-b07b-416e-932f-c8e0a0127a14
- Hentet fra
talentech
- Referanse
58daa3e8d76547cb95a43033f272224d