Hopp til innhold

Studentrådgjevar

Arbeidsgiver

Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen

Sted

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Studentrådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om stillinga

Vi har ledig vikariat som studentrådgjevar ved Sammen Psykisk Helse (SPH), Sogndal fra 01.06.26 – 01.04.27. SPH er del av Sammen Velferd og har hovudkontor og leiing i Bergen. Arbeidsstad er Campus Sogndal.

Ei sentral oppgåve for denne stilling er rettleiing og oppfølging av studentar. Vidare må det påreknast arbeid med kurs og førebyggande verksemd, samt å vere kontaktperson ut mot våre mange samarbeidspartnarar.

Lønnsspenn frå 630.000- 690.000.

Sammen Psykisk Helse har som hovudoppgåve å bidra til at studentar har god helse, trivsel og opplever meistring av studiet. Dette blir gjort gjennom individuelle samtalar og ulike grupper, tilbod om kurs og seminar. Tilbodet til studentane omfattar psykisk helsehjelp og rådgjeving som skal ha fokus på førebygging i samarbeid med utdanningsinstitusjonane. Tenesta er eit lågterskeltilbod og har som mål å møte studentar sitt behov for kontakt og hjelp utan lang ventetid.

Det krevst ikkje at kandidaten har fordjuping innan spesifikke områder, men det vert forventa god breidde i interesse og kompetansefelt.


Arbeidsoppgåver

  • Individuell rettleiing og oppfølging av studentar
  • Halde føredrag/kurs for studentar innan psykisk helse og studiemeistring
  • Bidra i vidareutvikling av tenesta
  • Halde tett dialog med samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar som vert vektlagd

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring som rådgjevar/ rettleiar
  • Erfaring som formidlar og kurshaldar
  • Kjennskap til høgare utdanning
  • Interesse for digitalisering og bruk av digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Gode kontaktskapande evner
  • Glad i å omgå andre menneske
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeid -og kommunikasjonsevner
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Trygg og roleg i pressa situasjonar

Vi tilbyr

  • Betalte fridagar mellom jul og nyttår og i påsken
  • Gode forsikringsordningar

Om bedriften

Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader, barnehager, treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- og rådgivningstjenester for 40 000 studentar. Vi er eit sjølvstendig selskap som rapporterer til Kunnskapsdepartementet. Vi skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod. Vi er lokalisert i Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og på Stord, og har over 500 tilsette som kvar dag jobbar for at studentane skal ha eit godt velferdstilbod. 

Vår visjon er "Gode studentliv for en ansvarlig fremtid". 

Verdi: VI BRYR OSS! 

Sammen som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og inkludering, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a8079c9c-9f8d-4a06-ab01-5ca391a9045c

Sist endret

21. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280278

Lignende annonser

Laster lignende annonser