Norlender Knitwear AS søkjer produksjonssjef
Norlender Knitwear AS
Osterøyvegen 2184, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Produksjonssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Norlender Knitwear AS er ei familiebedrift med nær 100 års erfaring innan tekstilproduksjon. Me er ein strikkefabrikk med sjel, der me ynskjer å ta hand om både menneska som arbeider her og naturressursene me brukar for å produsere dei fine ullgensarane våre. Fabrikken vår held til i nydelege omgjevnader i Hosanger på Osterøy -- og mottoet vårt er å lage snille ullklede for snille folk.
Som produksjonssjef vil du ha ansvaret for å planlegge og leie produksjonen, ta hand om innkjøp av råvarer og sikre god arbeidsflyt gjennom fabrikken. Ei viktig rolle for vår nye produksjonsleiar vil vere å aktivt vidareutvikle oss innan berekraft, sertifisering og digitalisering -- og bidra tett inn i utviklinga av nye produkt, frå idé til ferdig genser.
Me ser etter ein kompetent, energisk, samvittighetsfull og dedikert leiar som trivs med å skape resultat. Du er strukturert, likar å ha det travelt, god til å kommunisere, proaktiv, evner å sjå løysingar, og bidreg med forslag og idear. Stillinga er ei fast, 100 % stilling.
Sentrale oppgåver:
· Ansvarleg for all produksjon
· Produksjonsplanlegging og innkjøp.
· Vere ein pådrivar for gode rutiner og eit godt arbeidsmiljø i fabrikken
· Samarbeide tett med med sals og marknadsavdelinga
· Delta aktivt i produktutviklinga.
· Produksjonsleiar deltek i bedrifta si leiargruppe og rapporterer til dagleg leiar.
Ynskja kvalifikasjoner og erfaring
· Tekstilutdanning, eller en tilsvarende kombinasjon av utdanning og erfaring
· Erfaring med mønsterkonstruksjon og saum
· Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Me tilbyr:
· Spanande moglegheiter i ei bedrift i utvikling
· Å vere ein del av eit fagleg miljø der kvalitet er i fokus
· Løn etter avtale
Dersom du syns dette høyres spanande ut kan du sende søknad til astrid@norlender.no Søknader vert vurdert fortløpande. Har du spørsmål kan du ringe Astrid Tveiten på tlf 411 03 368
Om bedriften
Norlender Knitwear AS er ei familiebedrift med nær 100 års erfaring innan tekstilproduksjon. Me er ein strikkefabrikk med sjel, der me ynskjer å ta hand om både menneska som arbeider her og naturressursene me brukar for å produsere dei fine ullgensarane våre. Fabrikken vår held til i nydelege omgjevnader i Hosanger på Osterøy -- og mottoet vårt er å lage snille ullklede for snille folk.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7ed15f9-58d2-4002-8244-705a1b1de4c9
- Hentet fra
FINN
- Referanse
411354812