Helgestillingar Dr. Martens - sjukepleiar/vernepleiar
Avdeling for rusmedisin/ AFR Dr. Martens, Helse Bergen
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling - Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 18.1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gjev tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR Dr. Martens har to postar; ein tvangspost og ein stabiliseringspost.
Det er fem ledige helgestillingar ved Tvangsposten med arbeid pt kvar 3 helg. Stillingane er mellom 18,1% og 21% med arbeid kvar 3. helg.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing og stabilisering, samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindre akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Arbeid kvar 3 helg, dag/ettermiddagsvakter.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagte aktivitetar og gjeremål saman med pasienten, samt miljøterapeutisk arbeid på posten
- Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk, er ein fordel
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Andre yrkesgrupper og søkar med særleg relevant arbeidserfaring med målgruppa kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervising
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Kato Oksnes, Seksjonsleiar, kato.oksnes@helse-bergen.noHege Ramsli Njøten, Leiar, hege.ramsli.njoten@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4859492087
Stillingsprosent: 18,1%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2744169
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6f21356a9a7433782a6372f4ccea241