Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Meistringssenteret, Time kommune
Røyrvika 2, 4340 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vil du bruke sjukepleiefaget ditt der det verkeleg betyr noko – for menneske som treng deg?
Meistringssenteret i Time kommune søkjer etter ein engasjert sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus.
Hos oss får du jobbe med menneske som står i krevjande livssituasjonar – og vere ein del av eit fagmiljø som jobbar målretta for å skape varig endring og meistring i kvardagen.
Er du opptatt av relasjonar, recovery og fagleg utvikling? Har du lyst til å bidra i eit engasjert og varmt arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort hjarte? Då er det kanskje deg me ventar på!
🧠 Kven er me?
Meistringssenteret i Time kommune gir tilbod til innbyggjarar over 18 år med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Me arbeider etter Helsedirektoratet sine anbefalingar, og organiserer tenestene i forløp for å sikre struktur, kvalitet og individuell tilpassing:
Forløp 1: Kurs- og gruppebaserte tilbod, samt individuell rettleiing. Me nyttar mellom anna Assistert sjølvhjelp, og tilbyr både digitale og fysiske kurs.
Forløp 2: For innbyggjarar som har behov for både kurs og individuell oppfølging. Målet er å styrke meistring og førebu livet utan kommunale tenester.
ROP-team: For innbyggjarar med samansette utfordringar, som treng tett, tverrfagleg oppfølging over tid.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av innbyggjarar, med vekt på motivasjon, meistring og deltaking
Individuelle samtalar og samarbeid med pårørande og andre tenester
Kartlegging og oppfølging av somatisk og psykisk helse
Legemiddelhandtering og helsefagleg vurdering i samarbeid med fastlege og andre tenester
Bidra i utvikling og bruk av velferdsteknologi
Planlegging og gjennomføring av kurs og grupper – me er stolte av kursverksemda vår og ønskjer å utvide den
Deltaking i fagutvikling og kollegabasert rettleiing
Rettleiing av studentar – alle tilsette har ansvar for dette, då studentar er ein viktig del av Meistringssenteret sitt fagmiljø
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiarVidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus er eit krav. Dersom du ikkje har dette frå før, forventar me at du startar på relevant vidareutdanning innan to år etter tilsetjing
Det er ein fordel med:
Vidareutdanning i kognitiv terapi
Erfaring frå kursarbeid eller gruppebaserte tilnærmingar
Kjennskap til FIT (Feedback Informerte Tenester)
Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og/eller rus, somatikk
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, engasjert og har eit varmt medmenneskeleg blikk.
- Du trivst med å samarbeide tett – både med innbyggjarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
- Me ser etter deg som taklar endringar og uventa vendingar – for dagen blir ofte ikkje heilt som me hadde tenkt.
- Humor er viktig hos oss! Det gjer godt å kunne le i lag i ein travel kvardag, og det styrkjer både fellesskap og trivsel.
- Du er fagleg nyfiken, sjølvstendig og har tru på at alle menneske kan oppleve meistring og utvikling.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull arbeidskvardag i eit fagmiljø med stort engasjement
- Høve til å påverke utviklinga av tilbodet vårt
- Tverrfagleg samarbeid og tett kollegastøtte
- Fokus på fagutvikling, rettleiing og opplæring
- Ein arbeidsplass med glimt i auga, rom for refleksjon – og ekte arbeidsglede
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Arbeidstida er i utgangspunktet dagtid, måndag til fredag, utan turnus eller helgevakter. Dersom behova endrar seg over tid, kan det bli aktuelt med justeringar i arbeidstidsordninga.
Kontaktinformasjon
Cathrine Kleppe, Avdelingsleiar, +47 47388387Arbeidsstad
Røyrvika 24340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4979691499
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Kleppe
Avdelingsleiar
+47 47388387
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7ad412f-90da-4a7d-826a-c884566fd93b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
581855d670a24800801f13aa4641f86e