Undervisningsstilling ved Lonevåg skule
Osterøy kommune
Solbjørgsdalen 13, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling, Lonevåg skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. september
Om stillinga
Lonevåg skule ligg nydeleg til ved Hatland skulesenter, ein spasertur frå Lonevåg senter. Det er kort avstand til både barnehage, ungdomsskule og Osterøy vidaregåande skule. Her ligg også det offentlege tannlegesenteret. Ein kort spasertur på nokre få hundre meter unna, ligg Osterøyhallen, Osterøy stadion og Fugledalen kunstgrasbane. Her ligg det til rette for ein trygg og god oppvekst!
Skulen vår har ser no etter deg som ønskjer å vere med å styrke laget vårt. Vi har ein ledig 100 % fast stilling som lærar/undervisningspersonell, og søkjer etter deg som har eit ønskje om å bidra inn i Osterøyskulen med ditt varme hjarte og engasjement for barn og opplæring. Stillinga er idag knytt til mellomtrinnet og vi ser fortrinnsvis etter deg som har undervisningskompetanse i basisfaga. Om du har undervisningskompetanse i andre relevante fag, ønskjer vi også å høyre frå deg. Kanskje nettopp du, er nettopp det vi ønskjer oss?
Osterøyskulen sine satsingsområder er trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing. Deler du desse verdiane, gler vi oss til å få deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø for alle våre elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar/læring, og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper
- Bidra til eit utviklande og positivt arbeidsmiljø
Lista er ikkje uttømmande og vil variere utfrå stilling og kompetanse
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår i Statens pensjonskasse og hjå KLP.
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo!
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent pedagogisk utdanning i tråd med opplæringslova §17-3. Grunnskulelærarutdanning (GLU) 1.-7 er ønskjeleg.
- Dersom du er undervegs i eit utdanningsløp kan du også bli aktuell dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar.
- Det er krav om fremlegging av gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar.
Kven er du?
- Som pedagog på Lonevåg skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du er i godt humør og likar å jobbe med barn
- Du likar å samarbeide
- Du skaper engasjement, lyttar til elevane, tek deira innspel på alvor og utviklar opplæringa i tråd med dei
- Du set grenser på ein god måte, og er strukturert i arbeidet ditt
- Du er ein engasjert, profesjonell medarbeider som bidrar til utvikling
Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a783640e-555c-4f10-b0e0-9e5a1e3c9986
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260391