Fleire spennande stillingar ved Bryne skule
Bryne skule, Time kommune
Ola Barkveds veg, 4340 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Fleire spennande stillingar ved Bryne skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
5
Bryne skule har fleire spennande stillingar og leitar etter positive og lagbyggande personar til å vera med på å skape ein kjekk opplæringsarena og arbeidsplass for små og store. Bryne skule er ein sentrumsskule og har ca 490 elevar og 70 tilsette. Me er ein innføringsskule som tek i mot alle nyankomne elevar som treng å læra seg norsk før dei flytter over til nærskulen.
Bryne skule arbeider for eit inkluderande læringsmiljø som gjev alle barn fagleg og sosial meistring.
Dette er jobbane me kan tilby:
Lærar:
Me treng tre lærarar i 100% fast stilling ved Bryne skule. Me er særleg ute etter kompetanse for 1.-4. trinn og kontaktlærar for 5.-7. trinn.
Miljøveiledar
Ved Bryne skule er det ledig ein fast stilling i 100% med krav om helse og sosialfagleg utdanning frå høgskulenivå i 100% frå 01.12.2023. Arbeidstida vil vera på dagtid i skule og Sfo. På sikt kan denne stillinga verta flytta etter behovet til brukar. Stillinga vil vera tett knytt til tenesteområde Helse og velferd
Bryne skule har ledig ein 80% fast stilling med helse og sosialfagleg VGS utdanning. Arbeidstida vil vera på dagtid i skule og Sfo.
Arbeidsoppgåver
Lærar
Lærar 1: Undervisning på 1.trinn. Ønskeleg med kompetanse på begynneropplæring og tilrettelegging. 100% fast
Lærar 2: Undervisning på 4.trinn. Ønskeleg med kompetanse i spesialpedagogikk og/eller språkopplæring. 100% fast
Lærar 3: Undervisning på 5.trinn. Kontaktlærar, ønskeleg med kompetanse i engelsk og/eller matematikk. 100% fast
Du vil vera ein viktig bidragsytar i skulen, og får ansvar for å planlegga og gjennomføra undervisning i dei faga der det er behov.
Miljøveiledar 100% fast
Målretta miljøarbeid i møte med det enkelte barn.
Bidra til å sikra forsvarleg pleie-og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
Primærkontaktansvar m ansvar for
- Rettleiing av kollegaer og studentar
- Fagleg kompetanseheving og utvikling av personalgruppa.
- Koordinator med mellom anna ansvar for å leia ansvarsgruppemøte/ samarbeidsmøte, og å utvikla individuell plan.
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar.
Fagarbeidar 80% fast
Målretta miljøarbeid i møte med det enkelte barn.
Bidra til å sikra forsvarleg pleie-og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
Kvalifikasjonar
Lærar
Godkjent lærarutdanning, kompetanse innan begynneropplæring, spesialpedagogikk, språkopplæring, engelsk, matematikk.
Miljøveiledar
Helse og sosialfagleg utdanning frå minimum høgskulenivå
Fordel med kjennskap og erfaring frå arbeid med autisme og utviklingshemming.
Fordel med kjennskap og erfaring med førebyggande arbeid og handtering av utfordrande atferd.
Fordel med kjennskap til kap. 9 vedtak
Fagarbeidar
Bestått fagbrev frå VGS
Fordel med kjennskap og erfaring frå arbeid med autisme og utviklingshemming.
Fordel med kjennskap og erfaring med førebyggande arbeid og handtering av utfordrande atferd.
Fordel med kjennskap til kap. 9 vedtak
Det vert krevd politiattest til alle stillingane.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Me legg vekt på at du er eigne for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Tore Lunde, Rektor, +47 908 18 603, tore.lunde@time.kommune.noArbeidsstad
Ola Barkveds vegNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4709149380
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2023
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440997
- Hentet fra
talentech
- Referanse
70d9877e8cc84bc39dee8d6a505ed93c