Hopp til innhold

Fastlege- Brattvåg legekontor

Arbeidsgiver

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Sted

Strandgata 40, 6270 Brattvåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
5. oktober 2026
Stillingstittel
Fastlege- Brattvåg legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Vil du vere med og utvikle legetenesta i Haram kommune?
Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til 100% stilling med oppstart i oktober. I tillegg til fastlege, vil du for tida inngå ved helsestasjonen som helsestasjonslege/ skulehelseteneste/ helsestasjon for ungdom i om lag 20% tilplikting.  

Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen, med utgangspunkt i tenesta sine behov og legen sin arbeidssituasjon. For ALIS-legar er utgangspunktet ei listelengde på om lag 800 pasientar, medan allmennlegespesialistar har ei listelengde på om lag 900–1000 pasientar. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.

Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.

Arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløp
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
  • Interesse for å vere med og bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
  • Du kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillinga
  • Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund og er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
  • Etter avtale mellom lege og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel
  • Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen

Kontaktinformasjon

Linn Jenny Husøy Morsund, Avdeligsleiar, 41446306, linn.jenny.husoy.morsund@haram.kommune.no
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5165539859
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a71d2cbb-9810-4db3-b6d5-14fd47d43ae3

Sist endret

14. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b11ae04b28df4259b4c369aff16da429

Lignende annonser

Laster lignende annonser