Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg som særleg tenestestad
Den norske kirke, Møre bispedøme
Årsundvegen 14, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg som særleg tenestestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. oktober
Det er ledig stilling som sokneprest i Brattvåg sokn i Nordre Sunnmøre prosti.
Brattvåg kyrkje ligg sentralt i Brattvåg, og er ei arbeidskyrkje der det ligg godt til rette for å utvikle kyrkjelyden. Ein godt samansveisa fellesstab med sokna omkring har kontor like ved kyrkja, og utgjer eit viktig fellesskap i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet mellom unge og innvandrarar i Brattvåg og sokna omkring.
Prostiet omfattar kommunane Ålesund, Sula, Giske og Haram. Brattvåg sokn med 2200 medlemmar er eitt av fire sokn i Haram kommune. Det er to andre sokn på fastlandet, Vatne og Hamnsund, og eit sokn som er knytt til øyane Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy og Fjørtoft, også kalla Nordøyane. Brattvåg ligg omlag 30 minutt frå trafikknutepunktet og handelssenteret Moa aust for Ålesund. Det tek 45 minutt å reise til Ålesund sentrum.
Soknekyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1977 og ligg i Brattvåg sentrum. I soknet ligg også Hildre kyrkje, 15 minutt nordvest for Brattvåg. Det er mange ulike kulturar representert i Brattvåg grunna stor arbeidsinnvandring til den maritime næringa. Det blir nytta nynorsk i alle sokna.
Haram er ei industrikommune, med sterk kombinasjon av industri og sjøbruk. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustrien. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskuletilbodet er og godt, og er eit samarbeid med Ålesund kommune. I tilleg er det eit breitt tilbod av idrettsaktivitetar, med tre store fleirbrukshallar i Brattvåg og omegn. Tilboda varierer frå klatring og squash til badminton og ballidrettar.
Det er 3 sokneprestar i Haram kyrkjelege fellesråd sitt område, og 22 prestar i prostiet. Prestane i Haram samarbeider om tenesteveker i dei 4 sokna og om andakter på institusjonane. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Soknepresten i Brattvåg har ansvar for konfirmantane i Brattvåg og Hildre saman med kateketen som også er tilretteleggjar for konfirmantopplegget i kommunen. I Haram er det god oppslutning om både dåp og konfirmasjon. Kyrkjelydane driv eit stort og aktivt trusopplæringsarbeid med god oppslutning. Prestane tek del i dette arbeidet. Til Sprell Levande-gudstenestene kjem mange barnefamiliar. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge.
Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familiar, og at ein også ser mot dei mange utanlandske familiane som er busett i Brattvåg i samband med arbeid.
Sokneprest i Brattvåg har kontor saman med staben i Brattvåg. Her er ein positiv stab som jobbar tett saman med prestane. I Haram er det tilsett kateket, trusopplærar, diakon, to organistar, kyrkjetenarar i alle kyrkjene og kyrkjeverje mfl. Staben har faste samlingar med fokus på arbeidet. Det er stor grad av autonomi og samarbeid på tvers av fagfelta i staben. Staben samarbeider i alle sokna med engasjerte frivillige.
Om du vil blir sokneprest i eit aktivt lokalsamfunn med ein engasjert stab og kyrkjelydar, er du velkomen til ein spanande og meiningsfull arbeidsplass omgjeven av hav, kyst og fjord, og med kort reiseavstand til Sunnmørsfjella sin rike natur, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
-Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
-I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
-Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
-Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
-Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg.
-Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
-Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
-Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk ståstad.
-Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd.
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
-Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
-Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
-Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, -krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
-Vi ønsker helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jf. Offentleglova § 25.
-Utdanningsnivå
Cand.theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)
Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
Anna utdanning godkjend av Kirkerådet
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.-Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
-Sjølvstendig og strukturert
-Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
-Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og frivillige medarbeidarar.
-Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.
-For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Vi tilbyr
-Stillinga vert Iøna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555. Innskot i KLP.
-Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
-Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing. Det er eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til morgonbøn og tekstsamtale og andre kollega- og fagsamlingar
Kontaktinformasjon
Karl Johan Bjørge, Prost, 92423862Arbeidsstad
Årsundvegen 146270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5184487156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Karl Johan Bjørge
Prost
92423862
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4b4012e9-02bc-4754-9f44-1e0a0929667a
- Sist endret
23. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0077dffeb93247fba25df02eb7c627ce