Rektor - Langevåg skule
Sula kommune
Bratthaugmyra, 6030 Langevåg
Om jobben
Stillingstittel
Rektor - Langevåg skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
I fagre Sula kommune er det ledig 100% fast stilling som rektor/skuleleiar ved Langevåg skule. Langevåg skule er ein barneskule og stillinga er ledig for tiltreding 01.12.2023, eller etter nærare avtale.
Som rektor ved Langevåg skule har du overordna ansvar for 530 elevar og 65 tilsette. Det er to undervisningsinspektørar, SFO leiar og merkantil i administrasjonen til skulen. Kommunalsjef for kultur og oppvekst er rektor sin næraste leiar. Skulen ligg i Langevåg som er kommunesenteret i Sula. Sula ligg kun ein kort båttur frå Ålesund sentrum.
Rektor skal leie det pedagogiske utviklingsarbeidet ved Langevåg skule. Dette arbeidet forgår i profesjonsfagleg fellesskap i fellestid, team og trinn. Arbeidet er i samarbeid med dei øvrige skulane i Sula og ein har felles nettverk på tvers av skulane. Langevåg skule har ei aktiv og framoverlent plangruppe.
Skulane i Sula har fokus på inkludering og arbeid for å bli dysleksivennlege skular inneverande skuleår. Barnehagane og skulane i Sula arbeider også med internasjonalt utdanningssamarbeid.
Digital kompetanse er eit satsingsområdet for heile Sula kommune, også Langevåg skule. Det er 1:1 dekning av læringsbrett i skulen, og alle tilsette har fått kompetanseheving i "Aktiv læring" og korleis nytte digitale hjelpemiddel pedagogisk.
Vi har over fleire år jobba med verdiar og utarbeida verdiplattform. Skulen har "Kunnskap - trivsel - glede" som sin visjon.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar og personalansvar.
Økonomi og budsjettansvar.
Vere ein aktiv deltakar i Kommunalsjefens leiargruppe.
Delta i kontinuerleg leiarutviklingsarbeid i sektoren.
Vere ein aktiv pådrivar i både skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid.
Delta i tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning for tilsetting og undervisning i grunnskulen.
Tilleggsutdanning innan administrasjon, leiing og eller rektorutdanning
Undervisningserfaring frå grunnskule, fortrinnsvis barnetrinnet.
Leiarerfaring innan grunnskuleområdet.
God økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk.
God digital kompetanse.
Må kunne beherske norsk både muntleg og skriftleg. I Sula kommune nyttar vi nynorsk.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi ynskjer ar du i søknaden gir uttrykk for eigne tankar og leiarrolla i ein barneskule.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er;
Ein motiverande, samlande og tydeleg leiar.
Er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medvirkning, tek beslutningar og har gjennomføringskraft.
Er dedikert, har godt humør og er løysingsorientert.
Vekker tillit og er god i møte med andre menneske, born som vaksne.
Ein pådrivar for å utvikle skulen og er bevisst skulen si rolle både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Vi tilbyr
Eit engasjert fagmiljø med gode og kjekke kollegaer.
Ei sentral rolle i kommunalsjefens leiargruppe.
Ei spennande stilling som vil gi deg gode moglegheiter for vekst og utvikling.
Tett samarbeid og felleskap med 9 andre leierar i kultur og oppvekst.
Ein nyleg vedtatt Kultur og oppvekstplan.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Lønn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Hildegunn Pedersen, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 95255964, hildegunn.pedersen@sula.kommune.noArbeidsstad
Bratthaugmyra6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4708738243
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2436505
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63ffb35c9d514029b9584a9a1c62aea6