Hopp til innhold

Key Account Manager for strategiske kundar - Telemark Bilruter

Arbeidsgiver

TELEMARK BILRUTER AS

Sted

Skien

Om jobben

Stillingstittel
Key Account Manager Strategiske kundar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Frist: Snarast - søknadar blir behandla fortløpande

 

Vil du vere med og forme framtida til Telemark Bilruter?

 

Telemark Bilruter er i sterk utvikling og satsar offensivt på større og langsiktige kundeleveransar, med datasenteret i Fyresdal som ein sentral del av satsinga. No søkjer vi ein kommersiell og relasjonssterk kundeansvarleg som får eit strategisk ansvar for dei viktigaste kundane våre, og som vil bidra tett saman med leiargruppa i ein organisasjon i endring.

 

Som Key Account Manager for strategiske kundar blir du verksemda sitt viktigaste kontaktpunkt mot utvalde kundar. Du får eit heilskapleg ansvar for kundeforhold, kontraktar og resultat, og vil jobbe tett med drift, trafikkleiarar og leiargruppe for å sikre sømlause og lønsame leveransar. Rolla har eit tydeleg strategisk mandat, er ein del av verksemda si leiargruppe og er sentral for den vidare utviklinga av Telemark Bilruter.
 

 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for oppfølging og vidareutvikling av strategiske kundar
  • Byggje langsiktige relasjonar og sikre ei profesjonell og sømlaus kundeoppleving
  • Oppfølging og forhandling av avtalar, kontraktar og anbod (NS)
  • Resultat- og budsjettansvar for eigne kundar 
  • Koordinere leveransar på tvers av tenester i samarbeid med drift og trafikkleiarar
  • Bidra til utvikling av eit meir profesjonelt sal- og kundeapparat
  • Aktiv deltaking i leiargruppa og bidrag i strategiske spørsmål
     

Vi ser etter deg som har

  • Erfaring med strategisk kundearbeid og langsiktige kundeforhold
  • God kommersiell og økonomisk forståing
  • Erfaring med kontraktar, forhandlingar og profesjonell kundedialog
  • Strukturert arbeidsform og sterk gjennomføringsevne
  • Evne til å koordinere komplekse leveransar
  • Strategisk blikk og tryggleik i ei leiarrolle utan personalansvar

 

Vi tilbyr

  • Ei strategisk nøkkelrolle i eit selskap med klare ambisjonar
  • Moglegheit til å vere med og byggje og forme framtida til Telemark Bilruter
  • Deltaking i verksemda si leiargruppe i ei strategisk nøkkelrolle
  • Konkurransedyktige vilkår – kompetanse blir vektlagt

     

Arbeidsstad: Stillinga har Telemark som hovudnedslagsfelt, med kontorstader i Seljord og Skien. Det må reknast med noko arbeid frå Fyresdal.

 

For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med ein av rådgjevarane våre i Skagerak Consulting AS:
 

Linda Brusletto, Skagerak Consulting – 416 76 428 
Cathrine Svendsen, Skagerak Consulting – 926 06 601 


For å unngå bedrageriforsøk presiserer vi at vi aldri ber om BankID‑informasjon i søknadsprosessen.

Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft.

 

Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no

 

Kontaktpersoner for stillingen

Linda Brusletto

Seniorrådgiver

41676428

lb@skc.no

Cathrine Svendsen

Seniorrådgiver

+4792606610

cs@skc.no

Om bedriften

Telemark Bilruter-konsernet byggjer framtida på lokal forankring, solid erfaring og eit tydeleg mål om å skape verdi – både for kundane våre og samfunnet rundt oss. Med strategien for 2025–2027 satsar vi målretta på sterke og langsiktige kundeforhold, berekraftige løysingar og meir smidige og framtidsretta leveransar.
Vi skal vere ein transportpartnar kundane kan stole på, kvar dag. Samtidig utviklar vi verksemda gjennom digitalisering, effektiv samhandling og tett dialog mellom kundar, drift og leiing. Med røter i Telemark og blikket retta framover, tek vi ei aktiv rolle i utviklinga av regionen og tenestene våre.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a7095365-2899-4dab-bad0-aba07954060a

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

recman

Referanse

471929

Lignende annonser

Laster lignende annonser