Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Herøy kommune, Eigedom
Sjukeheimsvegen 12, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Er du ein sjølvstendig og dyktig lagspelar som har lyst til å bidra til eit godt arbeidsmiljø? Då er det kanskje akkurat deg vi ser etter!
Eigedomsavdelinga, seksjon reinhald, har ledig to faste 50 prosents vikarstillingar som reinhaldar/reinhaldsoperatør. Vi har ansvar for reinhald på skular, barnehagar, omsorgssenter, kulturhus, rådhus, bibliotek og mykje meir.
Som reinhaldar vil du jobbe saman med andre reinhaldarar i seksjonen. Vi søker deg som kan jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Vi har også behov for at du kan jobbe helg av og til. Vi har mange dyktige kollegaer som jobbar målretta for å utføre ein god jobb i eit kjekt fellesskap.
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsoppgåver med ulike intervall som
- regelmessig reinhald
- periodisk reinhald
- hovudreingjering
Kvalifikasjonar
- ha fagbrev som reinhaldsoperatør eller erfaring innan reinhaldsfaget
- må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy for mellom anna dokumentere utført arbeid
- ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- ha førarkort klasse B
- må kunne jobbe på helg
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg som:
- tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
- tilpassar seg behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer på ein god måte, både med leiar, kollegaer og dei som bruker bygga
- er til å stole på og møter opp til avtalt tid
- har vilje til å lære nye ting i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- rettleiing og kurs innan ergonomi og arbeidsmetodar
- godt arbeidsmiljø
- pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ada Fjørtoft Kleppe, Reinhaldsleiar, +47 95726386Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 126092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4976656510
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 27.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ada Fjørtoft Kleppe
Reinhaldsleiar
+47 95726386
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6fe7c2e-90e3-4b61-b4f5-743d4c041471
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4c97d32909b74a3c8075668aa56dad1a