Helsesekretær
Patologi, Haugesund sjukehus
Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. juli
Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane?
Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk.
Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.
Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling.
Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk, frå mottak og registrering av prøvar til kvalitetssikring og koordinering av undersøkingar.
Du er velkommen til å søkje hos oss.Oppstartsdato etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Betene ekspedisjon, telefonførespurnader, post- og prøveforsendingar.
- Prøvemottak og registrering av pasientprøver.
- Arkivering av pasient- og prøvedata.
- Assistere patologen i makroskopiarbeid med vevs- og operasjonspreparat.
- Andre kontor- og laboratorieoppgåver, samt betening og vedlikehald av medisinsk-teknisk utstyr.
- Utføre arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halde seg oppdatert på endringar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert helsesekretær.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Grunnleggande IKT-kompetanse.
- Kunnskap og erfaring i bruk av digitale løysningar i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel.
- Erfaring frå laboratorie verksemda og patologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er motivert, dyktig og tek ansvar i arbeidskvardagen
- er punktleg og påliteleg
- tilpassar deg nye oppgåver og situasjonar, og finn gode løysingar
- ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp
- bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- samarbeider godt med andre
- meistrar krevjande situasjonar og periodar med høgt arbeidstempo
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Ein spennande, variert og utfordrande jobb.
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling.
- Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium.
Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundsgt. 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5152506395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6fb5fa7-0d23-4665-a9e4-57fa4cf19aa2
- Sist endret
2. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
023bb7d7e7574a84abf803521a646cbc