Vil du vere med og gjere ein forskjell for andre menneske?
Rettleiar // Nav Nordfjord
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar til avdelinga arbeid og helse frå desember 2025.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.
Nav Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid som omfatter kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn. Vi leverer kommunale og statlege Nav-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei fire kommunane, og har 44 tilsette fordelte på fire lokasjonar. Denne stillinga har arbeids- og oppmøtestad Stryn.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar
- Vere mottaksvert tre dagar i veka to timar per dag – du blir den første folk møter når dei kjem til Nav
- Rettleie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
- Kartlegge arbeidsevne, ressursar og moglegheiter
- Samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar
Kvalifikasjonar
I denne rolla må du:
- Ha utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Ha gode evne til å kommunisere både munnleg og skriftleg på norsk
- Vere trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
- Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
- Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
- Du bryr deg om folk og ønsker å hjelpe
- Du har engasjement og evne til å motivere andre
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar. Lønsspennet er frå kr. 550.000 til 600.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Kari Tonning, Avdelingsleiar, 452 33 070, kari.tonning@nav.noArbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5018722865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6d6d390-3fe5-4d34-aabd-6d9c989415fe
- Hentet fra
talentech
- Referanse
edefac05e57640638b6e4436a62b36b4