Ellevilt AS søker ny kjøkkensjef/kokk til vårt team!
ELLEVILT AS
Fjørevegen 12, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkensjef/kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Ellevilt AS søker ny kjøkkensjef til vårt team!
Brenn du for kvalitet i råvarer, lokale tradisjonar og eit unikt sluttprodukt?Ellevilt AS Søker ny kjøkkensjef / kokk til vårt cateringkjøkken og butikk/serveringsstad i Sogndal!
Butikken vår i Sogndal vart opna hausten 2018, for å gjere vår matglede meir tilgjengeleg til kundane våres. Vi har drive med catering sidan 2008, og har sidan då levert eit konsept av kortreist matglede. Me innhentar råvarer frå lokale produsentar og tilberedar ferdige koldtbord, middagsrettar, lunsjprodukt og anna ferskvare via vår utsalsstad i Sogndal. Me tek på oss grilling hjå kunden, levering av mat, kokk i store og mindre selskap, skreddarsyr pakkar og lagar meir enn gjerne mat heime hjå deg.
Me treng ein dyktig kollega, med inspirasjon og giv for ekte matglede for å utvikle vårt konsept og kapasitet.
Dine nøkkelkvalitetar er;-
Kreativ
-
Sjølvstendig, men jobbar godt i team
-
Lidenskap for faget
-
Trivest med ansvar i eit hektisk miljø
-
Strukturert og effektiv
-
Brenn for kvalitet og det lille ekstra
-
Sertifikat bil
Oppstart: Etter avtale
Lønn: Etter avtale og kvalifikasjonar
Arbeidstid: Dagtid. Enkelte kvelder og helg.
Ta kontakt for meir informasjon
Alle søknadar vert behandla fortløpande og konfidensielt.
Om bedriften
Ellevilt er lidenskap og matglede. Det er ingrediensar som skapar kvalitet på sluttresultatet. Når vi snakkar om kvalitet, meiner vi kvalitet heile vegen. Dyra skal ha gode forhold, kjøtet skal vere rett mørna og råvarene skal vere behandla riktig.
For å gje deg denne kvaliteten, er vi oppteken av kvar råvarene kjem frå. Kanskje du får vite kvar sauen har beita? Vi lyftar fram norske produsentar og tradisjonell tilverknad. Slik kan vi fortelje deg historia frå råvare til sluttprodukt.
Kvalitetsmat kjem i mange variantar, alt etter årstid og tilgjengelegheit. Hjå oss er varene alltid ferske og matsvinnet lågt.
Ønskjer du å førebu maten sjølv, får du råvarer og inspirasjon i butikken. Ønskjer du ferdig lunsj eller middag, får du kjøpt det i butikken. Ønskjer du å invitere familie og venner med på eit festmåltid, hjelper vi deg med det òg. Bryllup og andre festligheter? Me fyrer gjerne opp grillen, eller disker opp med 3 retters middag.
Me er rett og slett gode på ønskjer - og mat
Sektor
Privat
Nettsted