Helsefagarbeidar i miljøtjenesta
Vardheia bufellesskap, Time kommune
Vardheivegen 8, 4340 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidere
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Vil du bli med på laget i Vardheia bufellesskap?
I miljøtenesta i Time kommune er me ein triveleg gjeng som jobbar for å skapa gode kvardagar for menneske med samansette funksjonsnedsettingar. No treng me fleire kollegaer - kanskje er det deg?
Om avdelinga:
Nye Vardheia ligg på Bryne. Avdelinga gjev heildøgnstenester til 3 bebuerar pr i dag
Ledige stillingar:
2 x 100 % stillingar, turnus med arbeid kvar 4 helg. Mulighet for langvaktar i ukedagar og helg opp til 12,5t.
Kven ser me etter?
Er du ein person med rett kompetanse, erfaring frå og har interesse for å arbeida med menneske som har samansette funksjonsnedsettingar, håper me at du søkjer. I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Miljøtenesta i Time kommune er i stadig endring, og i Vardheia blei det gjort endringar Mai 2025, me jobbar no med å byggje eit godt lag omkring våre bebuarar og søker engasjerte personar som kan bidra inn i primærgruppene til bebuarana våre.
Me samarbeidar mykje på tvers av boligane i kommunen.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er vårt verdigrunnlag og rammeverk.
Intervju vil foregå fortløpande. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukararSamarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare på
Arbeida både sjølvstendig og i team
Bidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
Sørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterte
Bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø
Likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre
Det inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.
Rettleia studentar og lærlingar i praksis
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna fagutdanning. Andre med relevant erfaring kan og være aktuelt.
Erfaring frå miljøarbeid og arbeid med utfordrande atferd
Dokumentert norskkunnskap på nivå B2 dersom du har anna morsmål enn norsk.
Gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Personlege og faglege eigenskapar som samsvarar med ansvaret i stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Emilie Øines, Avdelingsleiar, emilie.oines@time.kommune.noArbeidsstad
Vardheivegen 84340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5038737017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6baf767-0696-4ca7-bb1e-55f7b7949211
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a64f91a4c2804d3589e425b287661f43
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sivdamheimen 1, Time kommune
Sted
Bryne
Arbeidsgiver
Avdeling Vardheim, Randaberg kommune
Sted
Randaberg
Arbeidsgiver
Slåtthaug sykehjem avd.2 (7), Stavanger kommune
Sted
Hafrsfjord