Helsefagarbeider
Sivdamheimen 1, Time kommune
Røyrvika 12, 4344 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Kjære alle gode helsefagarbeidarar!
Me har ledig ein 80 % stilling for helsefagarbeidarar på Sivdamheimen 1. etasje, demensavdelinga. Me ønsker deg som vil vera med på vårt lag for å spreia glede og god omsorg til personar med demens. Stillinga er todelt turnus med dag og kveld med kvar tredje helg. I2026 vil det bli oppstart med årsturnus i avdelinga, og du vil her kunne vera med å påvirke din eigen turnus også med moglegheit for langvakte, da med arbeid kver 4.helg.
Sivdamheimen ligg i sentrum og har kort avstand til buss-/togstasjon. Me har tre fløyar fordelt med sju pasientar på kvar fløy. Me er ein fin gjeng tilsette som har plass til fleire. Me jobber aktivt for å kunne gje pasientane våre ein tilrettelagt kvaradag med best mogleg livskvalitet.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet, brukarmedverknad. Me har også ein god dose med både humor og galskap!
Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet i tillegg til at me har eit tett samarbeid med demenskoordinator i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og rettleiing- Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskapar. Me bruker Profil som journalprogram
- Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du liker utfordrande arbeidsoppgåver med særleg fokus på miljøarbeid for pasientane
- Pleie- og omsorgsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2)
- gode datakunnskapar
- erfaring med og jobba med personar med demens
- har gode kommunikasjonsferdigheiter
- tar initiativ og kan jobba i team
- er engasjert i faget og interessert i ny lærdom
- er ansvarsbevisst og fleksibel
- har evne til godt samarbeid på tvers av faggrupper
- har evne til å delegera og prioritera oppgåver
- har godt humør
- personleg eigenhet vert vektlagt dersom fleire aktuelle søkare
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Mari Elise Almås, Avdelingsleiar , +47 932 68 156, mari.elise.almas@time.kommune.noMonica Taksdal, Assisterande avdelingsleiar, +47 476 31 054, monica.taksdal@time.kommune.no
Arbeidsstad
Røyrvika 124344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5032770866
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
61c73a45-3622-4251-a7aa-4b932e2cf665
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce261b7009354528ab6226b122995dbe
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Haugåstunet sykehjem (5), Stavanger kommune
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Sivdamheimen 1, Time kommune
Sted
Bryne
Arbeidsgiver
Bergåstjern sykehjem og omsorgsboliger
Sted
Stavanger