Hopp til innhold

Pedagogisk leiar - 60% vikariat

Arbeidsgiver

Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune

Sted

Kyrkjevegen 25, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar - 60% vikariat
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune.

Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte.

Me er omlag 22 barn i barnehagen og 42 elevar i skulen. Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. 

Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.
Velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet på avdeling
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Anna relevant høgskuleutdanning er aktuelt viss me ikkje får kvalifiserte søkjarar med barnehagelærarutdanning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2). 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg pedagog.
  • Du har evne til å skape gode relasjonar til barn og vaksne. 
  • Du er engasjert og tek initiativ. 
  • Du er fleksibel og finn løysingar. 
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar.
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar. 
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag.
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
  • Varierte og spennande utfordringar.
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
  • Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden. 

    Kontaktinformasjon

    Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.no
    Unni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385, unni.kristensen@vinje.kommune.no

    Arbeidsstad

    Kyrkjevegen 25
    3890 Vinje

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vinje kommune

    Referansenr.: 5100006140
    Stillingsprosent: 60%
    Vikar
    Startdato: 01.08.2026
    Sluttdato: 14.08.2027
    Søknadsfrist: 08.04.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Unni Kristensen

    Ass. verksemdsleiar

    97176385

    unni.kristensen@vinje.kommune.no

    Maria Bruleite Bjåen

    Verksemdsleiar

    91719899

    maria.bjaaen@vinje.kommune.no

    Om bedriften

    Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

    Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

    Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

    Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

    Me håpar du vil trivast hjå oss! 

    Les meir om livet i Vinje her  

    Sjå Vinjefilmen her 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a6a7ee18-ec6f-4af6-a2bd-556af1bc79c4

    Sist endret

    19. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    6e1b42ff881148029c5530d858791536

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser