Hopp til innhold

Avlastar i eigen heim

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Avlaster i eigen heim
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Ynskjer du eller familien din å dele noko av kvardagen med ein som treng det? Som privat avlastar kan du og familien din gjere ein stor forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom og deira familie, kor barnet/ungdommen har ein funksjonsnedsetjing. Avlastninga vil skje i heimen din. 

Du skal gi omsorg og sørgje for trygge omgjevnader - vanlegvis ei helg i månaden, men dette kan variere etter behov. Du samarbeider med pårørande og barnet/ungdommen, og saman finn de ut kva for avlastningstid som passar best for dykk. 

Dette er ein jobb for deg som har ekstra omsorg å gje - og rom for eit barn eller ein ungdom som treng at du er tålmodig, roleg og strukturert. Det handlar om å gje pårørande i ein familie "eit lite pusterom", ved å gi barnet/ungdommen deira ei trygg hamn utanfor familien.

Som privat avlaster er du med å skape kvardagsmagi - og gje støtte der det trengst mest!


Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for positive opplevingar for barnet/ungdommen
  • Bidra til sosialisering og utvikling
  • Følgje opp behov for bistand i dagleglivet
  • Vere ein trygg og god omsorgsperson
  • Ha ein stabil livssituasjon
  • Skape tryggleik og føreseielege rammer

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med barn/unge med funksjonsnedsetjing er eit føremon
  • Kunnskap om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er eit føremon

Aktuelle søkjarar blir kontakte fortløpande.


Kven er du?

  • Du er tålmodig, omsorgsfull og god til å setje grenser
  • Du er tydeleg i kommunikasjonen og trygg i rolla di

Personleg eignaheit vil bli ilagt stor vekt


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til barn/unge og deira familie.
  • Du formar sjølv arbeidsdagen eller helga di, og kan kombinere oppdraget med eige familieliv
  • Oppdragsavtale; dette gjer moglegheit å ha 100% fast tilsetjing i Alver kommune i tillegg
  • Utgiftsdekning etter avtale i samsvar med særavtale SGS - 1030  
  • Du kan få rettleiing 
  • Avlønning etter gjeldande særavtale

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6a2d2d0-2d5c-467f-9dc8-1b5895949221

Sist endret

28. mai 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10251921

Avlastar i eigen heim - arbeidsplassen.no