Medarbeidar merkantile oppgåver vikariat
OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune
5183 Olsvik
Om jobben
Stillingstittel
Medarbeidar merkantile oppgåver
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
- Administrativ støtte t.d. handtere dokument, arkivering og korrespondanse
- Elevadministrasjon t.d. registrere og oppdatere elevdato
- Økonomi t.d. fakturering, regnskap, budsjettoppfølging og innkjøp
- Kommunikasjon t.d. svare på henvendelser fra elevar, foreldre og tilsette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i service-og administrasjonsfaget o.l eller bachlorniva innan relevant fagområde, men slik at anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatta utdanningskravet
- God systemforståing og erfaring frå, eller evne til å sette deg raskt inn i aktuelle fagsystem (Elements, Office 365, Visma ERP, Webcruiter mm)
Personlege eigenskapar
- Er serviceinnstilt
- Er målretta, systematisk og løysingsorientert
- Er positiv, initiativrik og engasjert og som har gode kommunikasjonsevner
- Set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
Kontaktinformasjon
Therese Kleppestø, Ass.rektor, 55511414, therese.kleppesto@vlfk.noHelene Systad, Rektor , 92252093, helene.systad@vlfk.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4976308759
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig