Ledig stilling
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar ved Lærdalsøyri barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Me søkjer deg som brenn for pedagogisk arbeid i barnehagen. Me ønskjer oss fleire pedagogiske leiarar som vil bidra til god kvalitet i Lærdalsøyri barnehage.
Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage, lokalisert i vakre omgjevnader sentralt på Lærdalsøyri. Barnehagen ligg i kort avstand til skule, bibliotek og idrettsanlegg, der me har fleire aktivitetar i veka. Det går om lag 100 born i barnehagen, og me er kring 30 tilsette.
Lærdalsøyri barnehage har fokus på FN sine bærekraftsmål og korleis me saman kan forme framtidas miljømedvitne Lærdøler. Lærdal kommune si satsing «Grøne Lærdal» er gjennomgåande i vårt pedagogiske arbeid. Me har særskilt fokus på ein god overgang frå liten til stor avdeling og frå barnehage til skule, og jobbar systematisk med rettleiing i personale.
Me har for tida avdelingar for barn 1-2 år, 2-4 år og eiga avdeling for førskulegruppa 5-6 år
Lærdalsøyri barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar, oppstart 15.august.
Dersom intern tilsetting vil det kunne bli ledig fast stilling som barnehagelærar. Me ber difor søkjarar om å opplyse i søknaden om det er aktuelt å ta i mot stilling som barnehagelærar.
Søknadane som kjem inn vil bli vurdert fortløpande. Tiltreding etter avtale.
I stillinga vil du:- Arbeide med barn 1-6 år:
- Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Gi omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
- Halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med dine kollegaer
- Bidra til å skape eit godt læringsmiljø og ein inspirerande barnehagekvardag saman med dine kollegaer
- Vere ein god rollemodell
- Som barnehagelærar bidra med rettleiing av det øvre personalet
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Ta initiativ til- og arbeide for eit godt samarbeid med føresette
- Delta i utviklingsarbeid lokalt i barnehagen og regionen
- Til stillinga er det krav om fullført utdanning som barnehagelærar
- Positive haldningar
- Leiarerfaring og gode leiareigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Om du er fleksibel og løysingsorientert
- Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap, og nytte dette aktivt i arbeidet med borna
- Gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar
- Ryddig og punktleg
- Me søkjer deg som er positiv og har godt humør
- Søkjar må vere fylt 18 år
- Me oppmodar menn om å søkje
- Det er ei føremon med erfaring i frå arbeid i barnehage
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Opplæring vil bli gitt
- Lønn etter tariff
- Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
- God pensjons- og forsikringsordning
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2695774
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3376447_228191_nn