Lærar
Hå kommune Ogna skule
Kyrkjeberget 2, 4364 Sirevåg
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Ogna skule søker lærar på 3. og 4. trinn til eit opptil 80 % vikariat frå 13.11.2023. Det er ønskjeleg med kompetanse i naturfag, samfunnsfag, engelsk og KRLE. Andre fag er og av interesse.
Ogna skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 256 elevar og ca. 40 tilsette. Her er det kjekke elevar og eit godt arbeidsmiljø. Skulen ligg nær togstasjonen.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- God IKT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til et godt arbeids- og læringsmiljø
Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og lede elevane si læring saman med andre lærarar på trinna
- Arbeide for et trygt og inkluderande læringsmiljø
- Følge opp elevane si læring og progresjon
- Samarbeide med føresette
- Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande fellesskap på skulen
Personlege eigenskapar
Me ønsker at du er god på relasjonar, og at du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evner å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysingsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2438680
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3233213_194329_no