Fagkonsulent
Bufetat, Spesialiserte fosterhjem avd. Vestland
Parkvegen 5, 6856 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Spesialiserte fosterheimar i Region vest, avd. Vestland, har ledig ei fast 100% stilling som familiekonsulent. Vi søkjer deg som har eit engasjement og eit ynskje om å vera med å gje eit ekstra bidrag til at born, ungdom og familiar vert ivaretekne på ein god og utviklande måte.
Eininga Spesialiserte fosterheimar i Region vest har 3 avdelingar: Vestland, Haugesund og Stavanger. Den ledige stillinga høyrer til i avd. Vestland.
Du vil få arbeidsstad i Sogndal, og må også pårekne nokre arbeidsdagar i Bergen.
Dette får du arbeide med hos oss
- Du får følgje opp og rettleiing av spesialiserte fosterheimar.
- Du får følgje opp born og ungdom frå inntak til utflytting.
- Du vil få eit tett samarbeid med omsorgskommune, foreldre, skule, PPT/OT, BUP m.fl.
- Du skal rettleie og gje opplæring til spesialiserte fosterheimar gjennom bruk av modellar som EFST, Traumebevisst omsorg og COS.
- Du vil få delta i fagleg utviklingsarbeid i avdelinga.
- Du skal systematisk dokumentera arbeidet i våre ulike fagsystem.
- Du vil få mogelegheit til å bistå i arbeid med rekruttering og opplæring av nye spesialiserte fosterheimar.
Kva slags bakgrunn har du?
- Det er krav om fullført bachelorgrad innan helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, sosionom, eller vernepleiar.
- Det er ønskjeleg med rettleiarutdanning og -kompetanse.
- Det er ønskjeleg med fagleg relevant vidareutdanning tilsvarande 60 stp.
- Du bør ha erfaring frå arbeid med born og ungdom gjennom fosterheimsarbeid eller institusjonsarbeid, arbeid i barneverntenesta eller tilsvarande relevant erfaring.
- Du bør ha god kunnskap om barns utvikling, traumar og konsekvensar av desse.
- Du bør ha god kunnskap i teori om tilknytning og samspill mellom born og omsorgspersonar.
- Det er ønskjeleg med kunnskap om, og erfaring frå arbeid med TBO.
Kven ser vi etter?
Vi ser spesielt etter deg som:
- Har evne til fleksibilitet og omstilling.
- Har gode sosiale evner.
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Har evne til å samarbeide i team, og til å sjå eiga rolle og betydningen av ditt bidrag i teamet.
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Har ei positiv innstilling og som ser etter gode løysingar.
- Tåler å stå i utfordringar over tid, med varierte oppgåver.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernpedagog, 1494 sosionom og 1508 vernepleiar, p.t. kr. 435 600 - 593 500 (l.tr. 45-64), 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom og 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr. 493 700 - 636 700 (l.tr. 53-68), eller 1496 klinisk barnevernpedagog, 1173 klinisk sosionom, p.t. kr. 501 200 - 636 700 (l.tr.54-68).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Ved særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, og moglegheit for bustadslån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Eit engasjert og spanande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
- Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer.
- Mogelegheit til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Anledning til å vera med å løfte avdelinga og å kjenne verdien av å kunne gje born og unge og deira familiar eit endå betre tilbod.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Spesialiserte fosterhjem Region vest, avd. Vestland.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
- Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Alice Tunestveit, 46618902Arbeidssted
Parkvegen 56856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4639369877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som er underlagd Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Eininga Spesialiserte fosterheimar i Region vest har 3 avdelingar, avdeling Vestland, avdeling Haugesund og avdeling Stavanger.
Eininga Spesialiserte forsterheimar skal gi tilbod til born og ungdom som ikkje kan ivaretakast i ein kommunal fosterheim med styrking, og det skal vere vurdert at ungdommen betre kan nyttiggjere seg eit familiebasert tiltak enn institusjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2294785
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4fed98e8cdf74f86bb25bce7159920ae