Bømlo heimeteneste søkjer miljøterapeut
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Bømlo heimetenester søkjer ein engasjert og utviklingsorientert miljøterapeut som brenn for å gjere ein forskjell i kvardagen til eldre og personar med behov for støtte som bur heime. Me tilbyr ei spanande og variert stilling der du får vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar og opplevingar som fremjar meistring, livsglede og sosial deltaking – både i faste dagtilbod og i ambulerande tenester.
Som miljøterapeut hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar for at brukarane våre skal kunne leve gode og sjølvstendige liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad. Du får høve til å bruke både fagkunnskap og kreativitet i møte med menneske, og du vil få ansvar for både praktiske oppgåver, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og andre fagmiljø.
Stillinga inneber dagarbeid på vekedagar med arbeid kvar. 3 helg.
Er du klar for å bidra til eit inkluderande og inspirerande miljø der trivsel og fagleg utvikling går hand i hand? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Tilretteleggje for aktivitetar og opplevelsar i dagtilbod for eldre.
- Hjelpe brukarar av dagtilbodet ved måltid, praktisk hjelp og medisinutdeling.
- Tilretteleggje for aktivitetar og opplevelsar i ambulerande dagtilbod.
- Samarbeide med brukarane og pårørande, samt med ulike fagmiljø internt i kommunen.
- Ha ansvar for dokumentasjon i profil i tillegg til enkelte administrative oppgåver.
- Ha sjølvstendig ansvar for å halde deg fagleg oppdatert.
- Arbeidsoppgåver på helg: personretta hjelp, matombringing og praktisk vegleiing.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag/pedagogikk.
- Erfaring og kompetanse frå arbeid med personar med kognitiv svikt blir sett på som ein fordel.
- Førarkort kl. B.
- Ein må fungera godt fysisk, og trivast med ulike aktivitetar inne og ute.
Personlege eigenskapar
- Du er ein relasjonsbyggjar og trivst i samarbeid med andre.
- Du er strukturert og systematisk i arbeidet.
- Du engasjerer og mobiliserer brukarar, lokalt næringsliv, frivillige og pårørande.
- Du er kreativ i høve til å skape aktivitetar, opplevingar og kan bidra til vidare utvikling av tilbodet til brukarane.
- Du er fleksibel og innehar gode kommunikasjonsevner.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med May Linn Bortne til og med 13.07.25 og Elin Akse Vik frå 14.07.25 - 30.07.25.
Kontaktinformasjon
May Linn Bortne, Avdelingsleiar Sone sentrum , 917 63 643, May.Linn.Bortne@bomlo.kommune.noElin Akse Vik, Avdelingsleiar Sone sør, 412 48 119, Elin.Akse.Vik@bomlo.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4986302072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6236667-9a88-4fae-9cf9-e15806864844
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4747d3af4f4041b1a0071be93b986dbd