Prosjektleiar rekkverk
Saferoad Vik Ørsta
Strandgata 59, 6150 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar rekkverk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Vil du bli vere med på å sikre tryggare vegar?
Saferoad Vik Ørsta ser etter ein motivert og omgjengeleg prosjektleiar som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!
Som prosjektleiar har du eit tett samarbeid med sal, teknisk avdeling og produksjon. Du blir ein del av eit team innanfor Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk.
Hovudoppgåver vil vere:- Å sørgje for at rett produkt vert levert til rett tid.
- Bidra til kvalitetssikring av leveranse.
- Å vere det interne bindeleddet som får prosjektet til å flyte gjennom organisasjonen.
- Har teknisk kompetanse/forståing.
- Har ein strukturert arbeidsmetodikk.
- Kommuniserer klart og godt.
- Har gode haldningar og lyst til å lære.
Du må kunne vise forståing for produktregelverk og kontraktshandtering. Rolla vil kreve bruk av CAD-verktøy.
Slik søkjer du:Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Teknisk sjef Jan Olav Hoggen, tlf. 951 70 854
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaeaKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a61894ba-dc22-4ec3-a8a8-944b9b9cb5b0
- Sist endret
27. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10279100
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Spenncon AS
Sted
Hjørungavåg
Avdelingsansvarlig
Arbeidsgiver
Larsnes Mek Verksted As
Sted
Larsnes
Arbeidsleder stål og utrustning
Arbeidsgiver
Green Yard Kleven AS
Sted
Ulsteinvik, Ulstein, Møre og Romsdal