Hopp til innhold

Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga

Sted

Sjukeheimsvegen 5B, 6092 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Stillingar på helg/ferie med bonus i pleie og omsorg
Type ansettelse
Annet, deltid 13%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
5

Søk på jobben

Søk senest fredag 16. oktober

Vi søker engasjerte sjukepleiarstudentar som ønska verdifull erfaring og eit ekstra løft i studietida. No tilbyr vi ei eiga stilling med bonusordning for deg som vil jobbe hos oss i eitt år!

Herøy kommune tilbyr stipend på 30 000 kr årleg til studentar som  går 1., 2. eller 3. året. Avtalen gjeld for eit år i gongen, og stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over. For å få stipend må den tilsette jobbe tolv helgar i året og fem veker om sommaren i hovudferieavviklinga. 

Det er ledige stillingar, på Herøy omsorgssenter raud, Eggesbøtun og Myrvåg seksjon A


Arbeidsoppgåver

  •  helse -og omsorgsoppgåver tilpassa kompetanse i utdanningsløp
  • Kvalifikasjonar

    • er i eit utdanningsløp innan sjukepleie eller vernepleie
    • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
    • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
    • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

    Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

    Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.

    Personlege eigenskapar

    • likar å arbeide med menneske
    • ønsker å samle praktisk erfaring under utdanning
    • samarbeider godt i team
    • er strukturert og lærevillig
    • er løysingsorientert og fleksibel

    Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

    Vi tilbyr

    • løn etter gjeldande tariffavtale
    • kommunen har eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
    • pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
    • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse 

    Informasjon til søkar:

    • kommunen har stipendordning med 30.000 kroner som eingongssum
    • du må binde deg til å arbeide i heil stilling i fem veker i hovudferien (juni til august) og minimum tolv helgar i året (to til tre av helgene må vere i hovudferien)
    • det er ikkje mogleg å inngå avtale for delar av perioden
    • ved brot på avtalen fell stipendet bort
    • dersom du sluttar på studiet, fell stipendet bort
    • ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen
    • arbeidsgivar tildeler arbeidsstad etter behov

    Tilsetting  på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil  verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

    Kontaktinformasjon

    Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478

    Arbeidsstad

    Sjukeheimsvegen 5B
    6092 Fosnavåg

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Herøy kommune

    Referansenr.: 5175598528
    Stillingsprosent: 13%
    Anna

    Kontaktperson for stillingen

    Gry Dragsund-Vike

    Avdelingsleiar

    +47 98075478

    Om bedriften

    Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

    Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

    Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

    I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

     

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a5dfad17-dcb8-42d3-8095-4745c7e0f58b

    Sist endret

    25. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    59e4575320844f7e8c7ea52d997f1801

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser