Er du vår neste seniorrådgivar innan økonomi?
Nav Vestland
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgivar økonomi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Visste du at Nav forvaltar ein tredjedel av Norges statsbudsjett? Med din kompetanse innanfor økonomi kan du vere med på å sikre at ressursane våre i Nav Vestland blir brukt på best mogleg måte, og bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag.
Vi søker ein kollega til økonomiteamet vårt. Økonomiteamet har ei sentral rolle i økonomioppfølginga i Nav Vestland, og i teamet jobbar vi som sparringspartnarar for kvarandre. I jobben vil du gje støtte i økonomiske spørsmål, til både fylkesleiinga og dei ulike Nav-kontora i fylket. Med eit bredt spekter av arbeidsoppgåver, involvering i ulike prosjekt og samarbeid med medarbeidarar frå heile fylket vil du få erfaring frå alle nivå i økonomioppfølginga i Nav Vestland.
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med omtrent 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling økonomi og analyse, avdeling HR og organisasjon, avdeling partnarskap og kommunikasjon og avdeling fag og tenester.
Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i en organisasjon som aldri står stille!
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Budsjettering og driftsregnskap, oppfølging, rapportering og prognosearbeid
- Planlegge, fordele og presentere budsjett til regionane/lokalkontora
- Handtering av faktura
- Leiarstøtte og opplæring på økonomifeltet til regionane/einingane i Nav Vestland
- Analysearbeid, vurderingar og anbefalingar til fylkesleiinga
- Oppfølging av fristar og rapportering
- Forbetring av oppgåveflyt og prosessar
- Sikre kontinuerlig kvalitetsforbetringar i økonomiarbeidet
- Delta i ulike arbeidsgrupper og utviklingsprosjekt for økonomifeltet i Nav
- Budsjettering, planarbeid, oppfølging og rapportering innan tiltaksøkonomi
- Delta og bidra i oppfølging av controllare og leiarar innan drifts- og tiltaksøkonomi frå regionane
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning innanfor økonomi på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Erfaring med å koordinere mellom ulike arbeidsoppgåver og kontaktpersonar
- Erfaring frå økonomiarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for nye dataverktøy og fagsystem
- Kunnskap og ferdigheiter i Excel på spesialistnivå
- God teknisk kompetanse i bruk av datasystem
Det er ein fordel om du har:
- Kjennskap til Lean-metodikk
- Gode rettleiingsevner
- Kjennskap til ulike type økonomiverktøy og visualiseringsverktøy. Vi nyttar mellom anna Tableau, PowerBI, Micro Strategy, Anaplan, Planning, Analytics Unit4 og Oracle Business suite
Kven ser vi etter?
Stillinga inneber mange kontaktpunkt, vi ser derfor etter deg med gode relasjons- og samarbeidsevner, samt gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
Du vil mellom anna jobbe med analyse, prognose og forbetringsarbeid. For å trivast i rollen ser vi etter deg med eit analytisk hovud som motiverast av forbetringsarbeid og å finne nye løysingar. Vi bruker nye, oppdaterte økonomisystem. Vi ser derfor at du har stor interesse for digitale løysingar og kan være ein pådrivar for å utnytte systema best mogleg.
På fylkeskontoret samarbeider vi tett og tverrfagleg. Du som trivs med samhandling og bidrar til et godt samarbeidsklima vil derfor passe godt inn hos oss.
Som tilsett hos oss får du
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode1364 seniorrådgivar etter ei vurdering av kvalifikasjonar og erfaring. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til kr. 750 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Frode Storvik, Avdelingsdirektør avdeling økonomi og analyse, 917 50 277, frode.storvik@nav.noArbeidsstad
C. Sundts gate 295004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5005755599
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a5df6f5d-60f2-4662-bc90-454195b1cae7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
248ac821c3414569b052b0342f7bebff