Hopp til innhold

Lærarstillingar 2026/2027

Arbeidsgiver

Vestre Slidre skule, Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 17, 2966 Slidre

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærarstillingar 2026/27
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Frå 1. august 2026 har Vestre Slidre skule ledig vikariat som lærar. Det kan også bli fast stilling ledig.

 

Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 180 elevar. Skulen ligg sentralt til i tettstaden Slidre. Her har vi god plass til variert aktivitet og læring både inne og ute. Vi har eit flott uteområde med mellom anna ballbinge, BMX-park, turnstativ, grillhytte og aktivitetsparken Tarzanjungelen.

Vår visjon er "Vestre Slidre skule - ein skule for alle, med blikk for den enkelte." Våre elevar skal føle seg verdifulle og verdsette for den dei er. Elevane skal møtast med respekt, omsorg og tillit. Våre elevar skal oppleve meistring gjennom å bli møtt med krav og forventningar ut frå eigen ståstad.
Sentrale pedagogiske satsingsområder er inkluderande skulemiljø, samt skriving og rekning i fag.

Vestre Slidre skule ynskjer tilsette som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer tilsette som saman vil vera med å utvikle skulen.


  • Vikariat på barne- og/eller ungdomssteget
  • Det kan bli ledig fast stilling
  • Det kan vera behov for undervisningskompetanse i musikk og individuelt tilrettelagt opplæring (spesialundervisning)

Rekrutteringa startar i februar og vil halde fram til skulestart.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere god, inkluderande undervisning
  • Skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Bidra til eit godt samarbeid på team
  • Legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid 
  • Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som lærar 
  • Gode kunnskapar både fagleg og didaktisk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydelig, strukturert, varm og trygg klasseleiar
  • Du har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du er oppteken av elevane si læring og deira læringsmiljø
  • Du kan vera kontaktlærar
  • Du er lojal og sjølvstendig, og du likar å samarbeide i team
  • Du har stor arbeidskapasitet og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei flott elevgruppe
  • Konkurransedyktig lokalt kontaktlærartillegg
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode, kompetente kollegaer
  • Ein utviklingsorientert skule
  • Veiledning til nyutdanna lærarar
  • God pensjonsordning i SPK
  • Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Janne Opheim, Rektor, +47 97602202

Arbeidsstad

Slidrevegen 17
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5070323422
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a5d1c969-fc10-4a08-8a05-6a7696600fef

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bbecd0fbd83e4009a9523acbc5a23031

Lignende annonser

Laster lignende annonser