Sjukepleiar
Helseavdelinga, Sula kommune
Stadsnesvegen 9b, 6030 Langevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Legekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, slik at både pasientar og medarbeidarar skal trivast.
Arbeidsoppgåver
Stillinga består av varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt, laboratoriearbeid, skiftestue, ekspedisjon, sentralbord og legevaktstelefon.
Arbeid på skiftestue kan blant anna vere EKG, 24-timers BT, spirometri, øyreskylling, sårskift og suturfjerning.
Nye arbeidsoppgåver kan kome til gjennom sentrale føringar for fastlegeordninga, inkludert eigne pasientkonsultasjonar.
Den som blir tilsett må handtere alle dei ulike oppgåvene som ligg til stillinga, då ein har ei rullering mellom oppgåvene.
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere offentleg godkjent sjukepleiar
- Relevant erfaring frå sjølvstendig poliklinisk arbeid vil bli vektlagd.
- Må ha gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Politiattest
Personlege eigenskapar
- I tillegg til formell kompetanse og praksis, blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Du har gode evner til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Du er fagleg engasjert og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, omgjengelig og serviceinnstilt
- Du har vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø.
- Du viser positiv interesse for menneska du møter i arbeidet ditt
- Du er strukturert, ryddig og nøyaktig
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samarbeid både internt og eksternt.
- Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
- Gratis parkering
- Lønn etter tariff.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Kontaktinformasjon
Grethe Øen, Einingsleiar, 48005891, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.noArbeidsstad
Stadsnesvegen 9b6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5079696795
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a5d13ab8-a531-4d2b-8830-c8bdf066e2c7
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8c8306f78634180acfa53695f589f6b
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
Sted
Ulsteinvik
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B
Sted
Gurskøy
Sjukepleiar, vikariat ved Godøy bukollektiv
Arbeidsgiver
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Sted
Godøya