Hopp til innhold

Kokk

Arbeidsgiver

Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen

Sted

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

Om stillinga

Vil du lage god, sunn og berekraftig mat – og trivast med ein variert arbeidskvardag med både à la carte, buffet og catering?

Spise Sammen Sogndal søkjer ein engasjert og sjølvstendig kokk til teamet vårt på campus.

Etter ei omfattande oppgradering av serveringstilbodet har vi no eit moderne og variert konsept. Vi tilbyr mellom anna ferskbakt pizza på bestilling frå vårt nye pizzahjørne, eit breitt varmmattilbod med både buffet og middagsrettar, samt eit betydeleg volum av møte- og cateringbestillingar internt på campus.

Som kokk hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både produksjon, planlegging og gjennomføring av bestillingar. Du vil jobbe tett med kollegaer og leiar for å sikre høg kvalitet og gode matopplevingar for kundane våre.

Hos oss får du føreseielege arbeidstider måndag–fredag, sesongbaserte feriar og eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.


Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat til serveringstilbodet
  • Produksjon av pizza i det nye pizzakonseptet vårt
  • Produksjon og klargjering av catering og møtemat
  • Levering og oppfølging av catering på campus ved behov
  • Bidra i dagleg drift og planlegging saman med leiar
  • Salg og service ut til kunde
  • Sikre kvalitet, reinhald og etterleving av IK-mat
  • Bidra til godt samarbeid og eit profesjonelt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Fagbrev som kokk og minimum 3 års relevant erfaring
  • Erfaring med catering og/eller leveransar er ein fordel
  • Gode kunnskapar om IK-mat / HACCP
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk
  • Erfaring med enkle dataverktøy
  • Du er engasjert i faget og har stoltheit for godt handverk
  • Du bidreg til godt samarbeid og trivst med å jobbe i team
  • Du er strukturert og kan jobbe sjølvstendig i ein travel kvardag
  • Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Du har fokus på kvalitet og god service

Arbeidstid og vilkår

  • 100 % stilling – 37,5 t/uke
  • Skift mellom 07:00–18:30 (mandag–fredag)
  • Kveld/helg kan forekomme ved arrangementer
  • Lønn etter tariff
  • Oppstart: August 2026 / eller etter avtale

Me tilbyr

  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Løn etter tariff
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til firmahytte på Kvamskogen
  • Betalte fridagar i påske og romjul

Kontaktperson for stillingen

Hugo Wikan

Avdelingsleder

+4790764585

hugo.wikan@sammen.no

Om bedriften

Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader, barnehager, treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- og rådgivningstjenester for 40 000 studentar. 

Vi er eit sjølvstendig selskap som rapporterer til Kunnskapsdepartementet. Vi skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod.

Vi er lokalisert i Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og på Stord og har over 500 ansatte som kvar dag jobbar for at studentane skal ha eit godt velferdstilbod.

Vår visjon er "Gode studentliv for en ansvarlig fremtid".

Verdi: VI BRYR OSS!

Saman som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og inkludering, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette. 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a5c37413-1591-4591-9608-8a5b01168da5

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10298821

Lignende annonser

Laster lignende annonser