Dirigent Klepp skulekorps
Kulturskule, Klepp kommune
Bedriftsvegen, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dirigent Klepp skulekorps
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 24%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. juni
Dirigenten er tilsett i Klepp kulturskule, og har sin arbeidsplass på Kleppe ungdomsskule der korpset øver.
Skulekorpset har 52 musikanter som fordeler seg på 20 aspiranter, 10 juniorar og 22 i hovedkorpset.
Dirigenten vi få eit ansvar for å fortsetja den musikalske utviklinga av korpset i samsvar med årplanen.
Dirigenten vil inngå i kulturskulens blåse- og dirigenteam.
Aktuelle kandidater vil kunne bli kalla inn til prøvedirigering
Arbeidsoppgåver
- Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, med ansvar for all musikalsk aktivitet.
- Dirigenten må følgja opp skulekorpset musikalsk, med m.a. rekruttering, konsertar og konkurransar og ha tett kontakt med lærarar og styre. Samarbeid med junior- og aspirantmusikantar er òg ein del av stillinga.
- Dirigenten skal sørgje for at korpset til ei kvar tid har eit godt repertoar i henhold til årplanen.
- Det er avgjerande at dirigenten kjenner til messing, treblås- og slagverkinstrument, og har god partiturkjennskap.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps.
- Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå for å gje alle meistring.
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har eit språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- God digital kompetanse.
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- Trygg og varm vaksenperson som kan skapa gode relasjonar til alle, og er bevisst eigne haldningar og verdiar.
- Motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Bidreg positivt i personalgruppa og i korpset med godt humør og faglige innspel.
- Samarbeider og kommuniserer godt med korpset sitt styre og kulturskulen.
- Vil vera med å utvikle faget, korpset og kulturskulen
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.ansettelse skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysning, og dei til en hver tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Hans Willoch Bræin, Rektor, +47 99274473Arbeidsstad
Bedriftsvegen4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4970304138
Stillingsprosent: 24%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 06.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Hans Willoch Bræin
Rektor
+47 99274473
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943204
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4fd218fd0155498e9b8eed608966a1ea