Avdelingsleiar arbeidsliv
Nav Askøy // Regionkontor Vest
Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar arbeidsliv
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til arbeidslivsavdelinga vår.
Avdeling arbeidsliv har ansvar for kontoret si oppfølging av brukarar over 30 år som er klare for arbeidsretta aktivitet og arbeid. Ei anna viktig oppgåve for avdelinga er oppfølging av brukarar i oppfølgingsløp for sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som treng hjelp til å behalde arbeid. Avdelinga sine oppgåver har eit breitt fagleg spekter, og avdelingsleiar vil ha ansvar for om lag 14 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune. Saman med tilsette har avdelingsleiar kontakt med til dømes legar og arbeidsgivarar. Avdelinga driv og med gruppetiltak og informasjonsmøter for Nav brukarar.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Askøy har flotte nye kontorlokale og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 70 tilsette. Du finn oss sentralt plassert på Kleppestø senter, med gode buss- eller båtforbindelsar. Reiser du frå Bergen, køyrer du køfritt både med buss og bil.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle team i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
- Personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- Følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring
- Representere avdelinga og regionen i interne og eksterne samarbeidsfora. Aktuelle samarbeidspartnarar er legane på Askøy, Askøy lærings- og integreringssenter og Nav Øygarden
- Vere ein aktiv medspelar i leiarteamet på kontoret og i regionen, og bidra til heilskaplege løysingar til beste for brukarane våre
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø for avdelinga og kontoret, og bygge felles engasjement og kultur
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Leiarerfaring
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
- God erfaring frå å jobbe med menneske og bygge relasjonar
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Det er ein fordel om du òg har:
- Erfaring frå arbeidsinkludering eller marknadsarbeid
- Leiarutdanning
- God forståing for teamarbeid og teamutvikling
Dette ser vi etter hos deg
- Du er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine
- Du ser medarbeidarane dine, og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar på ein tydeleg og inkluderande måte
- Du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Du er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
- Du er god på samarbeid og å byggje relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull leiarrolle i eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og kompetent fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fast stilling som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 800 000 til kr. 850 000 kroner. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Helga B. Torgersen, Regionleiar Nav region Vest, 408 06 185, helga.b.torgersen@nav.noArbeidsstad
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5054943012
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a571fc7a-1372-4d30-8350-3d2d345249fb
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
20dc1a4bbb274cd08359099d5b5b023a
Lignende annonser
Avdelingsleiar marknad
Arbeidsgiver
Nav Askøy // Regionkontor Vest
Sted
Kleppestø
Avdelingsleiar 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Sted
Straume
Arbeidsgiver
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Nesttun