Ledig fast stilling for spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Voss sjukehus/ Voss Gynekologiske legar, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ein ny kollega. Vi har ledig fast stilling som overlege. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. Oppstart etter avtale.
Vi søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinikk
- Operasjonar
- Visittgang/postarbeid
- Vurdere tilvisingar
- Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde
- Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
- Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår
- Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Tilpassa onboarding på nærare fastsette vilkår
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad
- Voss har ei sterk identitet som ei kultur- og naturbygd, og tek vèl i mot nye innbyggjarar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kathrine Woie, Seksjonsoverlege, +47 97176463Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5025225009
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Kathrine Woie
Seksjonsoverlege
+47 97176463
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a52ec93f-6ea9-4bd8-8887-a3c08efb71ef
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
802f0b960c5648269e84f67988a9a74b
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sted
Voss
Ledige stillingar som sjukepleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sted
Voss
Konsulent innbyggjarservice
Arbeidsgiver
Voss herad Innbyggarservice
Sted
Voss