Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver

Post 1 Nord, Bømlo kommune

Sted

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar (80 % fast)
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Vil du vera ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjera ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Bømlo bu- og helsesenter har to ledige 80% faste stillingar som helsefagarbeidar ved Post 1 Nord.  

Post 1 Nord er ei avdeling med 34 langtidsplasser. Her har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.

Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3.helg eller med langvakter kvar 4. helg. Stillingstorleik og oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver.
  • Dokumentere i henhold til lov og forskrift.
  • Opplæring og veiledning av nye tilsette og lærlingar.
  • I saman med avdelinga sitt øvrige personale vere med å utvikle eit godt arbeidsmiljø.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og engasjert.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du er fleksibel og innehar evne til omstilling.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdleiar Monica Smedsrud. 

Kontaktinformasjon

Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5104298498
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Monica Smedsrud

Verksemdleiar

+47 404 85 607

monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a51a8202-3786-45c2-bc7f-a4e164b51e29

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e4d15d6412f840069f8e1d4f4fe5e656

Lignende annonser

Laster lignende annonser