Kulturskulelærar
Høyanger kommune Høyanger kulturskule
Høyanger, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 38%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
38 % stilling - vikariat
«Høyanger Kulturskule har i overkant av 2 årsverk med 4 tilsette og ca. 90 elevar innanfor fagområda musikk og visuelle kunstfag. Skulen har eit godt samarbeid med grunnskulane i Høyanger kommune, fritidskulturlivet og profesjonelle kunstnarar. Kulturskulen har ledig vikariat i 38 % stilling som kulturskulelærar i fløyte-, klarinett- og noko pianoundervisning, oppmøtestad Høyanger. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.26. Kan bli forlenga etter dette.Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å delta i vidareutvikling av kulturskulen. Stillinga kan delast mellom to søkjarar.
Arbeidsoppgåver:
- Fløyte: ca 10%
- Klarinett: ca 10%
- Piano: ca 10%
- Førebuande musikkundervisning/musikkleik: ca 7,69%
- Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar
- Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
- Utviklingsarbeid i kulturskulen
- Rekruttering av elevar til kulturskulen
Kvalifikasjonar:
- Fagønskje: Fløyte og/eller klarinett som hovudinstrument
- Søkjarar med liknande utdanningar kan også bli vurdert
- Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid
- Må kunne undervise på norsk
- Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
- Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
- Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
- Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette
Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg må påreknast.
Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4eb02a6-5a74-4b6d-989b-d4f55ca8c101
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581203_203803_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
Sted
Høyanger
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Bjordal skule
Sted
Bjordal
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
Sted
Høyanger