Er du vår nye kjøkkenmedarbeidar på Suldal sjukeheim?
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkkenassistent, helg
- Type ansettelse
- Fast, deltid 18%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Om stillinga:Suldal sjukeheim har ledig ei helgestilling som kjøkkenassistent. Arbeidstida er 10 timar frå kl. 07.00-17.00, laurdag og søndag, kvar 3.helg.
- Stillingsstorleik: 18,78 %
- Stillingstype: Fast
- Stilling ledig frå: mai 2026
Arbeidsoppgåver:
- Førebuing av mat og måltid
- Reinhald av kjøkken og utstyr
- Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov
Kompetanse:
- Me søkjer deg som er positiv, utadvendt og har gode samarbeidsevner.
- Erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon.
Kvalifikasjonar:
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
- Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
Hos oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4d784bb-00ae-4cae-96b6-401b9a7a05ad
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3619253_203551_nn