Avdelingsleiar ved Tu skule i Klepp kommune
Tu skule, Klepp kommune
Solavegen 1, 4351 Kleppe, Lalandsvegen 141, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Tu skule i Klepp kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tu skule er ein PALS-skule med 235 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Gjennom vår visjon «Med blikk for alle» har me eit sterkt fokus på inkludering, ansvar, omsorg og respekt kor elevane skal oppleva meistring og læring i eit trygt miljø. Me har eit læringsorientert profesjonsfellesskap med dyktige tilsette, godt arbeidsmiljø og velfungerande system. Tu skule er sertifisert som dysleksivenleg.
Skulebygningen er moderne og tilpassa lærar- og elevkvardagen med rom og utstyr som legg til rette for variert undervisning. Me har satsa på profesjonsfagleg digital kompetanse i fleire år. Skaparverkstaden vår gir rom for skaparglede, engasjement og utforskartrong. Tu skule held fram med den digitale satsinga saman med fokus på munnlege ferdigheiter. Dette er i tråd med Klepp kommune sine satsingar i skulesektoren.
Skulen har eit positivt elevmiljø, og me samarbeider med føresette og andre instansar gjennom Kleppmodellen. Tu-krinsen har også eit velfungerande samarbeid gjennom «Partnerskap mot mobbing».
Ønskjer du å vera med å leia skulen vår, og gjera ein forskjell for elevane våre? Då vil me høyra frå deg!
Du vil inngå i leiarteamet saman med rektor og avdelingsleiar. Stillinga er tillagt minimum 50 % leiing og inntil 50 % undervisning, tilpassa din kompetanse og erfaring for å komplettera leiarteamet vårt. Det er fleksibilitet kring oppstartsdato, men aller helst våren 2024. Ikkje nøl med å ta kontakt med rektor, Vibeke Sola på tlf. 40288726 eller mail: vibeke.sola@klepp.kommune.no, for spørsmål eller meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Følgja opp elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Ta del i leiing av skulen sitt utviklingsarbeid.
- Bidra til utvikling av eit godt læringsmiljø for elevar og tilsette.
- Samarbeid med føresette og andre instansar.
- Ansvar for administrative oppgåver.
- Personaloppfølging
- Vikarhandtering
- Undervisning
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga- ut frå skulen sitt behov og kompetanse i leiarteamet.
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen.
- Rektorskulen eller anna leiarutdanning, eventuelt ønskje om å ta vidareutdanning innan to år.
- Leiarerfaring
- Gode ferdigheiter innan bruk av digitale verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (nynorsk er målform for administrasjonen og skulen).
- I denne stillinga er det krav om eigenerklæring for tuberkulose før du tiltrer stillinga.
- I tråd med Opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ein føresetnad for tilsetting.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som har utstrakte samarbeidsevner og er fagleg sterk, som elles evner å:
- Byggja relasjonar.
- Setja elevane si læring og utvikling i fokus.
- Vera tydeleg og raus.
- Motivera tilsette og elevar til å skapa eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø.
- Arbeida strukturert.
- Kombinera administrativ og pedagogisk leiing.
- Ta avgjerder og vera lojal.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Eit framoverlent profesjonsfellesskap.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Pensjon i Statens pensjonskasse.
Me ser fram til å høyra frå engasjerte søkjarar som ønskjer å bli ein del av Tu skule sitt profesjonsfellesskap.
Klepp kommune ber om at all relevant dokumentasjon vert lasta opp i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola, Rektor, +47 40288726Arbeidsstad
Lalandsvegen 1414353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4877984672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2024
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777271
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fcd5dd3455454b5f9c6eb2417de50241