Sikkerheitsteknikar avd. Førde
CERTEGO Norge
Sanderplassen 14, 6813 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerhetstekniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Er du vår nye sikkerheitshelt i Førde?
Kjenner du deg igjen som ein handlingsklar, sikkerheitsbevisst og eventyrlysten teknikar? Flott, for vi treng deg! 🚀
Vi opplev auka oppdragsmengd og skal ruste opp montasjeteamet vårt med enda ein sikkerheitsteknikar. Hos CERTEGO blir du ein slags tryggleiks-superhelt, men ikkje nødvendigvis med kappe.
Du får ansvar for å montere og trygge trivselsfylket, éin lås om gongen. Primært er arbeidsoppdraga i Sunnfjord og omegn, men vi favnar om heile Sogn og Fjordane. Så om du bur til dømes i Florø, Sogndal eller ei annan perle i regionen er ikkje det nødvendigvis eit hinder. Du blir del av eit dynamisk montasjeteam med dyktige teknikarar og Driftsleiar ved avdelinga.
CERTEGO er ikkje berre lås og beslag---vi er tryggleik på eit nytt nivå! Om du likar å nerde litt med teknologi, er nyfiken, og ikkje er redd for å lære nye ting, vil vi garantere både utviklingsmoglegheiter og ei karriere som aldri blir kjedeleg.
Primære arbeidsoppgåver:- Montering av lås, beslag og dørautomatikk.
- Installasjon av våre sikkerheitsløysingar som adgangskontroll, alarm, kameraovervåking, elektronisk avlåsing og porttelefon.
- Om rette kvalifikasjonar og motivasjon; Programmering og driftssetting av totale elektroniske sikkerheitssystem.
- Pådrivar for meir-/gjensal, samt marknadsføring gjennom god service og kvalitet.
- Oppfølging av kundar, her også rådgjeving og opplæring.
Du treng ikkje vere tidlegare agent i eit hemmeleg sikkerheitsteam, men vi håpar du:
- Har gjerne fagbrev (låsesmed, tømrar, mekanikar, elektrikar, eller berre .
- Har erfaring med mekaniske eller tekniske system, er det ei kjempefordel.
- Er teknisk interessert, nysgjerrig og strukturert.
- Er ein naturleg problemløysar med godt humør
- Kan norsk både munnleg og skriftleg.
- Har lov til å køyre bil klasse B aleine.
- Høve til å utvikle karriera di, anten med auka ansvarsområde og oppgåver, eller til andre interne roller i selskapet.
- Moderne montasje- og servicebil med høve for privat køyring inntil 5000 km.
- Dekking av heimelader for el-bil (gjeld el-yrkesbil).
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, her også gunstig tilsettpris på helseforsikring.
- Gode velferdsordningar, her også støtte til trening, fysikalsk behandling og markering av jubileum og bursdagar.
- Konkurransedyktige lønsvilkår, ja, du får betalt for å vere tryggleikens helt!
- Ein jobb i ei tariff-festa bedrift, med ein sterk kultur for samarbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarrepresentantar, også med tillitsvalte og verneombod.
- Som følge av tariffavtale har våre tilsette høve til å nytte korte velferdspermisjonar for å ivareta sine behov i livets ulike fasar.
- Ein trygg arbeidsgjevar i eit yrke du kan stå i til pensjonsalder.
- Ein kultur prega av høg fagkompetanse, yrkesstoltheit og engasjement.
- Bli ein del av eit solid og innovativt konsern
Så, er du klar til å bli vår nye sikkerheitshelt? 🔧😃
Høyre frå deg!
Søknadsfrist: 15.06.2025For nærare spørsmål om stillinga er du velkomen til å kontakte avdelingsleiaren i Bergen/Førde; Helge Økland. 90851635 helge.okland@certego.no
Certego AS er medlem i foreininga Norske Låsesmeder.
Utfylljande politiattest må leggast fram før tiltrede.
Om bedriften
CERTEGO er en ledende nordisk leverandør av komplette sikkerhetsløsninger. Vi tilbyr rådgivning, installasjon og service innen blant annet låser, adgangssystemer, porttelefoner, videoovervåkning, alarmer og brannsikkerhet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a4c55956-6df5-4ff3-b684-8e8d42f41a4a
- Hentet fra
FINN
- Referanse
408145353