Toftøy skule
Øygarden kommune Toftøy skule
Skulebrekka 25, 5337 Rong
Om jobben
Stillingstittel
Merkantil 60% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om skulen:
Toftøy skule er lokalisert på øya Toftøy nord i Øygarden kommune. Skulen ligg i naturfine omgjevnader, med idrettsbane like i nærleiken. Reisevegen frå Bergen er ca 35 minuttar. Skuleåret 2024/2025 har skulen 139 elevar og 22 tilsette. Vår visjon er «Å skape tryggleik og læring kvar dag for alle». Skulen har nynorsk som målform.
Om stillinga:
Stillinga er leding frå 08.04.2025 – 02.12.25
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid i skulen sine digitale system
- Føring av løn og fråvær
- Bestilling av varer og tenester
- Fakturering og rekneskap
- Resepsjonsoppgåver, blant anna svare telefon og ta imot besøkande
- Arkivering
- Andre kontor- og trivselsoppgåver
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Bachelor i økonomi og administrasjon. Fagbrev innan kontorfag med erfaring frå liknande arbeid, eller lang erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning
- Erfaring med administrativt arbeid
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring med kontorarbeid i skulen
- Kjennskap til dei digitale systema som skulen nyttar
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv og serviceinnstilt
- Du har god arbeidskapasitet og trivst i ein hektisk kvardag
- Du er oppteken av å ha god kommunikasjon med elevar, føresette, kollegaer og andre
- Du samarbeider godt med andre, men kan og jobbe effektivt åleine
- Du tek ansvar når vi har oppgåver vi treng å finne løysingar på
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Ein inkluderande arbeidsplass med motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841747
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3455997_210177_nn