Fagarbeidar/vaktmeistar
Luster kommune Teknisk drift
Gaupnegrandane 17, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Teknisk drift har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og utleigebustader, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avløpsnett i kommunen.
For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne medan reinhaldarar og vaktmeistarar møter/arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen.
Stillingsinformasjon- drift og vedlikehald av kommunale bygningar
- drift av byggtekniske installasjonar
- oppfølging av interne og eksterne kontrollar
- drift av uteområde kring kommunale bygg
- noko kontorarbeid/ bruk av dataverktøy
- anna arbeid ved teknisk drift utifrå kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein person med erfaring og kunnskap innan drift og vedlikehald av bygg. All relevant kompetanse vil bli vurdert.
- Fagbrev innan aktuelt område for drift av bygg - byggdriftar, tømrar, elektrikar eller liknande
- Førarkort klasse B (BE)
- Kjennskap til internkontroll og HMT
- Kjennskap til bruk av data og styringsverktøy
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
- Kreativ og initiativrik
- Serviceinnstilt
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2878517
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3472849_220871_nn