Markeds-/Resepsjonssjef og hotellmedarbeider ved Gaupnetunet hotell
Gaupnetunet As
Rådhusvegen 2, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Markedssjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Vår resepsjonssjef søker nye utfordringar, og me søkjer derfor etter ein interessert og engasjert person til å bli ein del av teamet vårt her på Gaupnetunet. Stillinga er ledig frå 01.04.2025, men det kan også avtalast seinare oppstart. Du kan søke både 80 eller 100 % stilling, 60 % kan også vurderast.
Me søkjer deg som har utdanning innan hotellfag/reiseliv og/eller erfaringsbasert kompetanse frå bransjen. Me legg stor vekt på vertskapsrolla og ønskjer at alle våre gjester skal trivast hos oss, med ønskje om å kome att. Du må ha evne til å vere motiverande, som del av leiarteamet ved hotellet. Me ønskjer at du set den gode serviceopplevinga høgt, er framoverlent og kvalitetsbevist og at du er villig til å stå på. Det er viktig at du er sjølvgåande, og ser kva arbeidsoppgåver som må gjerast i det daglege. Du vil få ansvar for marknadsføring- og salsaktivitetar og rapporterer til dagleg leiar.
Det er viktig å kunne kommunisere like godt på engelsk som på norsk, gjerne også på andre framandspråk.
Ansvarsområder/arbeidsoppgåver:
-
Passe på at oppgåvene på hotellet fungerer i det daglege, og at alle funksjonane ved hotellet til ei kvar tid ivaretek vertskapsrolla på ein god måte.
-
Ansvarleg for turoperatørar og salsarbeid i forhold til dei.
-
Ansvarleg for marknadsføring- og salsaktivitetar i samarbeid med dagleg leiar.
-
Møte alle gjester på ein profesjonell og engasjert måte
-
Halde resepsjonen, lobbyen, baren og restauranten ryddig og innbydande
-
Ivareta gjestene og hotellet sin sikkerheit
-
Aktivt jobbe med meirsal og oppsal av bedrifta sine produkt
-
Kombinert administrativ og operativ jobb
-
Dagleg drift av resepsjonen, inkludert innsjekk, utsjekk, telefon-/mail-henvendelsar og håndtering av spesielle forespørslar
-
Fakturaoppfølging
-
Bygge bedrifta sin posisjon lokalt og langs reiseruta gjennom kreative sals og marknadsføringstiltak
-
Marknadsføring på SoMe, Google AdWords, eiga webside m.m.
-
Diverse forefallande resepsjonsarbeid
Me kan tilby ei sjølvstendig og utfordrande stilling, løn etter avtale. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Anja S. Drevdal, tlf. 951 82 131 eller styreleiar Hans Olav Sandvik, tlf. 957 81 491.
Skriftleg søknad med CV kan sendast elektronisk til anja@gaupnetunet.no.
Søknadsfrist: 10 mars
Om bedriften
Gaupnetunet hotell er eit lite og koseleg hotell midt i sentrum av Gaupne. Hotellet har 26 nyleg renoverte rom. Alle rom har TV og eige bad. Gaupnetunet hotell er eit familiedreve hotell med 8 fast tilsette. Familien driv også campingsplass med hytteutleige, eit steinkast unna hotellet. Hotell og camping ligg ved Sognefjorden og er omgitt av mange ulike aktivitetar og attraksjonar, noko for ein kvar smak. Me er difor eit godt utgangspunkt for ein fin ferie i fantastiske omgjevnader. Bedrifta hadde i 2024 16 000 gjestedøgn, og har dei siste åra hatt ein fin utvikling i trafikken.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2863900
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a44fe9ff-e397-4f8d-97ee-799aeafbd6cb