Er du sjukepleiar og trivst med tempo og ansvar?
Akuttmottak og observasjonspost Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 65%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Her er det høgt tempo, sterke fagmiljø og tett samarbeid – og ingen dag er heilt lik den førre. Du blir ein del av eit engasjert team som handterer alt frå akutte skadar og infeksjonar til alvorleg sjukdom. Vi lovar deg både utfordringar og meistring – og kollegaer som står saman i dei travlaste stundene.
Arbeidstida ein kombinasjon av tredelt turnus - i hovudsak natt.
👉 Kjenner du deg litt nysgjerrig no? Klikk på søkeknappen – eller slå på tråden til Anne for ein uformell prat.
Kva går jobben ut på?
- Mottak, triagering og oppfølging av pasientar.
- Samarbeid i team, men òg sjølvstendig ansvar for oppgåver.
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar i praksis.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
- Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Ynskjeleg med erfaring frå akuttmottak
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er trygg i pasientkontakt, og viser respekt og medkjensle
- trivst i eit miljø med tempo, og tek gjerne tak der det trengst
- jobbar strukturert og målretta, og deler kunnskap med andre
- er ein lagspelar som bidreg til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø
- held hovudet kaldt når det hastar, og har eit fagleg blikk for situasjonen
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
- bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid
- opplæring og støtte til å kjenne deg trygg i rolla
- bli del av eit godt arbeidsmiljø med rom for både utvikling og humor
- jobbe i ei avdeling der du verkeleg merkar at du gjer ein forskjell
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Anne Møklebust, Funksjonsleiar, +47 97574977, anne.moklebust@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4974507075
Stillingsprosent: 65%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a447f774-3dfd-4391-ab63-248f959cc33e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b2402790d122407fb4070709fa509eb2