Hopp til innhold

Kvinnheringen jaktar journalist

Arbeidsgiver

Kvinnheringen AS

Sted

Sentrumsvegen 42, 5460 Husnes

Om jobben

Stillingstittel
Journalist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

No har du sjansen til å bli ein del av laget i den største lokalavisa i Kvinnherad! Kvinnheringen skal dagleg servera spennande innhald som engasjerer og gjer folk klokare. Vi har som mål å levera kritisk, uavhengig og god journalistikk - derfor treng vi dei beste journalistane!

Vi ser etter ny journalist i 100 prosent stilling, som kan starta over nyttår.

Vi er på jakt etter deg som:
  • Likar folk, er nysgjerrig, har teft for nyhende, og eit ønske om å engasjera og informera lesarane
  • Har digital kompetanse og kjennskap til fornuftig bruk av KI
  • Er komfortabel med å skriva, fotografera og laga video med mobilen
  • Er produktiv, idérik og trivst med stor variasjon i arbeidskvardagen og tidvis høgt tempo
  • Beherskar nynorsk
Dette kan vi tilby:
  • Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer, i vakre Kvinnherad der du blant anna kan få sletta studielån og få billig barnehageplass
  • Mykje fridom under ansvar, og sjansen til å påverka eigen arbeidskvardag i stor grad
  • Mobiltelefon og høve til trening i arbeidstida
  • Tilgang på den beste teknologien og verktøya i bransjen gjennom eigaren vår Amedia, landets største utgivar av aviser
  • Gode sjansar for fagleg utvikling og kompetanseheving

Å jobba som journalist krev at du er allsidig, og vi treng journalistar med kompetanse og interesse for alt frå politikk og næringsliv til kultur og sport. Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.

Synest du det verkar spennande å jobba med oss, send oss ein søknad med CV og referansar innan 15. november.

Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355.

Du kan også kontakta NJ-leiar Marius Tveit Nissestad på marius@kvinnheringen.no eller ring 48001295.

Om bedriften

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 3.786 (1. halvår 2026). Dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst, og no er nesten 67 prosent av abonnentane våre digitale. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet.

Amedia er Noregs største utgivar av redaktørstyrte medium og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark og det redaksjonelle nettverket vårt omfattar meir enn 250 avistitlar i Noreg, Danmark og Sverige, gjennom heileigd og deleid verksemd og partnarskap. Konsernet har 2300 tilsette i Noreg og Danmark og omsette i 2025 for 5 milliardar kroner.

Dagleg når dei 108 norske avisene våre meir enn to millionar lesarar.

Amedia er i fleire år kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgjevarar og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar at medarbeidarane opplever organisasjonen som ein god stad å arbeide.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a34f6237-0c14-47ec-8329-cbcb056c0872

Sist endret

9. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

478155803

Lignende annonser

Laster lignende annonser