Administrasjonssekretær
Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd
Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Vi søkjer etter ein Administrasjonssekretær i 50 % fast stilling
Stillingstittel
Administrasjonssekretær
Oppstart
1. oktober 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ved tilsetjing legg me vekt på personlege eigenskapar, samarbeidsevner og relevant utdanning. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha erfaring med vanlege kontorprogram (MS Office), og evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy. God munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk) vil og bli vektlagt.
Vi søkjer etter ein person som har forståing for kyrkja sitt arbeid. Du må vere medlem av Den norske Kyrkja.
Arbeidsoppgaver
Dette er ein deltidsstilling med kontortid 2,5 -3 dagar i veka, til saman 18,75 timar per veke.
Arbeidsoppgåvene vil vera ulike former for administrativ oppgåver for prost, sokneråd og prest t.d. planlegging, rapportering, postbehandling, arkiv, saksbehandling. Enkel rekneskapsføring, oppdatering av nettsider, Facebook og Instagram.
Vi tilbyr
Ein kjekk jobb i eit hyggeleg arbeidsmiljø. Løn, tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande lovverk. Fleksitid. Gode kontorlokaler i Hjelmeland sentrum.
Oppstart 01.10. eller etter nærmare avtale.
Om bedriften
Hjelmeland kyrkjelege fellesråd
I Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd er det tre sokn, fire kyrkjer og eit bedehuskapell. Kontorstad er på kyrkjekontoret i kommunesenteret Hjelmeland. I staben er det sokneprest, prost, kantor, trusopplærar, diakonarbeidar, fire kyrkjetenarar, kyrkjeverje, og mange frivillige medhjelpare.
Fellesrådet sin oppgåve er å ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeide planar for kyrkjeleg virksomheit i kommunen, fremje samarbeid mellom sokneråda og ivareta deira interesser i forhold til kommunen.
Administrasjonssekretær og kyrkjeverjen har arbeidsplassen på kyrkjekontoret medan dei andre tilsette har arbeidsplassen både på kontoret og i kyrkjene.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2693541
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a34af7bd-0142-41bc-8fb2-5085135869f8