Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelingen, Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 82 stillingar og rundt 105 tilsette.
Ved Fysioterapiavdelinga er det ledig fast stilling ved Spinaleininga som er del av Nevrologisk avdeling. Spinaleiniga er ein av tre norske spinaleiningar. Ved Nevrologisk seksjon er det ca. 16 fysioterapeutar og 1 aktivitør. 4 fysioterapeutar og aktivitør er spesielt knytt til Spinaleiniga. Spinaleiniga har 12 sengeplassar. Pasientar får behandling i tidlig rehabiliteringsfase og får også langsiktig oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- Undersøkje og behandle pasientar ved Spinaleiniga i tidlig fase både individuelt og i gruppe. Vi legg vekt på aktiv rehabiltering
- Følge opp pasienten i eit livslangt perspektiv
- Utføre rullestoltilpassing og hjelpemiddelsøknadar
- Inngå i eit tett tverrfagleg samarbeid rundt pasienten
- Ta del i dei oppgåver som til ein kvar tid ligg til avdelinga, til dømes prosjekt, undervising, rettleiing
- Inngå i vaktordning med arbeid ca. kvar 7. laurdag og ca. kvar 14. sundag
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer ein medarbeidar med erfaring frå behandling av pasientar med nevrologisk sjukdom
- Den vi tilset bør ha erfaring frå arbeid med langvarig oppfølging av alvorleg sjuke og nyskadde pasientar
- Etter- og/eller vidareutdanning innan fagfeltet er ein fordel
- Den vi tilset må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du klarer å stå i arbeid over tid med fysisk og psykisk belastning
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit stort og engasjert fagmiljø
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Lønn og stillingstittel i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, +47 55972863Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5150791476
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Else Sterndorff
Avdelingssjef
+47 55972863
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a3400b9f-79c1-4e02-993b-581addbaf149
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
92954a81711647488b9226ed74922d02