Legetenesta søkjer helsepersonell (tilkallingsvikarar)
Bømlo kommune
Mostravegen 546, 5440 Mosterhamn, Svortlandsvegen 119, 5430 Bremnes, Vestvikvegen 2, 5443 Bømlo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Legetenesta i Bømlo kommune søkjer etter tilkallingsvikarar for hjelpepersonell. Er du under utdanning eller har anna deltidsarbeid med moglegheit for ekstra tilkalling? Me ser etter deg som vil vere med å gjere ein skilnad i kvardagen til våre pasientar.
Stillinga inneber arbeid ved fleire legekontor.
Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg, og me behandlar søknader fortløpande.
Klikk her for meir informasjon om legetenesta og legekontora i Bømlo kommune.Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar vil du delta i mange av dei daglege oppgåvene på eit legekontor, blant anna:
- Resepsjonsarbeid med ansvar for å betene pasientar i luke, svare på telefonar, gje medisinske råd og handtere elektronisk kommunikasjon.
- Laboratoriumarbeid med prøvetaking/analysering av prøvar.
- Skadestovearbeid, inkludert sårbehandling, injeksjoner, EKG-taking, audiometri, spirometri og 24 timars blodtrykksmåling.
Me kan lova ein spanande og variert arbeidskvardag. Du vil få introduksjon/opplæring, med høve for læring og utvikling.
Om Legetenesta
Legetenesta i Bømlo kommune er desentralisert og har i dag 15 legar fordelt på 3 kontor.
Øyane Helsehamn, Bremnes
Moster legesenter, Moster
Bømlo legekontor, Langevåg
Målet vårt er å sikre innbyggjarane våre ei fagleg god og stabil legeteneste. Kontora er godt utstyrt og har stabil hjelpepersonelldekning med sjukepleiarar, bioingeniørar og helsesekretærar.
Kvalifikasjonar
For arbeid i legetenesta må du ha fylt 18 år.
- Me ser etter deg som er sjukepleiar, bioingeniør, autorisert helsesekretær eller legestudent/student innan desse fagområda.
- Førarkort er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du møter arbeidsdagen med eit positivt og engasjert sinn.
- Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og er til å stole på.
- Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel og trivst med ein variert og dynamisk arbeidskvardag.
- Du er løysingsorientert og held roen i hektiske situasjonar.
Me tilbyr
- Ei spanande teneste med høve for opplæring og utvikling.
- Ein arbeidskvardag i moderne og gode lokaler.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Anna informasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med Monica Tofte Amundsen til og med uke 29. Frå uke 31 kan du gjerne kontakte Kari Nes.
Kontaktinformasjon
Kari Nes, Fagansvarleg sjukepleiar, Kari.Nes@bomlo.kommune.noMonica Tofte Amundsen, Verksemdsleiar Legetenesta, monica.tofte.amundsen@bomlo.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4992164713
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 15.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a324fd39-56de-4f08-8350-f72bdc74e410
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7513248024b745c281dbe9729e26be7a