Hopp til innhold

Kokk Kilstraumen Brygge

Arbeidsgiver

KILSTRAUMEN BRYGGE AS

Sted

Kilstraumen 1, 5943 Austrheim

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Kunne du tenka deg å arbeide hjå den mest populære møteplassen ved sjøen i Nordhordland? Kilstraumen Brygge AS søker no etter ein engasjert og fagleg sterk kokk i 100 % stilling som vil vera med å skape gode matopplevingar for gjestane våre.

Om oss

Kilstraumen Brygge er ein levande restaurant og bar i Austrheim kommune, med fokus på god mat, hyggeleg atmosfære og høg kvalitet -- både i sesong og utanom. Vi har signaturrettar frå havet som ligg rett utanfor glasa våre. Som ein sesongbasert restaurant vil arbeidsdagane vera varierte; med høgt tempo, servering for private selskap, buffet og mykje meir. Kvar torsdag er det raspeballemiddag og søndagar er det herleg buffet. Våre gjestar er frå heile Nordhordland, Bergen og kommunane omkring. Kilstraumen Brygge ligg 10 minutt frå det store industriområdet på Mongstad, og vi er ofte vertskap for kurs og konferansar for bedrifter derifrå. Kilstraumen Brygge består også av stor marina, oppstillingsplass for bubilar og vi har 16 rorbuer, 8 hytter, leiligheter og rom for utleige.

Arbeidsoppgaver
  • Tilbereding av mat, à la carte, buffet og selskap

  • Bidra til utvikling av menyar og nye rettar

  • Sikre god kvalitet og effektiv drift på kjøkkenet

  • Følge rutinar for IK-mat, hygiene og HMS

  • Samarbeide tett med kjøkken- og servisteam

Vi ser etter deg som
  • Har fagbrev som kokk (relevant erfaring kan kompensere)

  • Trives i eit høgt tempo og samarbeider effektivt både sjølvstendig og i team

  • Har stoltheit for faget og sans for kvalitet

  • Er strukturert, påliteleg og positiv

  • Beherskar norsk eller skandinavisk språk (munnleg)

Vi tilbyr
  • 100 % stilling

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Varierte arbeidsdagar i ein populær restaurant

  • Konkurransedyktige betingelsar

  • Lønn over tariff

Vi ser fram til å motta din søknad på e-post post@kilstraumen.com så snart som mogleg, og behandlar søknader fortløpande. Legg ved CV og eit kort følgebrev. Du kan forvente å høyre frå oss innan kort etter at vi har motteke din søknad.
Oppstart i stillinga etter avtale.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a32317fc-e94a-4105-99af-6fc7faff3022

Sist endret

28. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

452642772

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Troms, Trøndelag, Vestland, Island, Østfold

Superrask søknad
Kokk Kilstraumen Brygge - arbeidsplassen.no