Hopp til innhold

Er du automatikar og klar for nye utfordringar?

Arbeidsgiver

Lerum AS

Sted

Kloppavegen 13 6854 Kaupanger, 6854 Kaupanger

Om jobben

Stillingstittel
Automatikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

Lerum AS er i vekst og har fleire ledige faste stillingar på vedlikehaldsavdelingen som automatikar. Vi søker etter en dyktig, initiativrik og sjølvstendig person, som vil vere ein del av laget som er best på saft og syltetøy i landet. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrende og lærerike oppgåver.

Lerum AS har eit fabrikkanlegg på 28 000 m2.

Arbeidsoppgåver:
  • Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr
  • Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver
  • Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid
  • Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid
  • Delta i prosjektgjennomføring
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som automatikar er ønskjeleg men ikkje eit krav
  • Praksis/ erfaring frå industri/produksjonsverksemd er ønskjeleg
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte
Personlege eigenskapar:
  • Evna til å jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team
  • Serviceorientert
  • Ansvars- og kvalitetsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Lerum tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Spennande og varierte oppgåver i ein moderne fabrikk

Søknadsfrist: Snarast

Tilsetjinsform: Fast

Om arbeidsgivaren

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2025 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 936 mill. kroner og 137 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.

Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.

I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.

BEREKRAFT SIDAN 1907

«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.

Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.

Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.

Lerum frå Sogn -- kjærleik til frukt og bær. Ta vare på -- Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og Lokalsamfunnet

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a321aebd-3a1a-4988-b949-08e51b4b58fd

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

459764701

Lignende annonser

Laster lignende annonser